torsdag, november 10, 2022

Dagbok 2022: 10.november

 



Klokka er 16.45, temperaturen ute er + 12 grader C og det silregnar; ja alt er no betre enn snø, men eg hadde håpa på eit  par tørre dagar.

I dag hadde eg planlagt å få rydde litt ute og i garasjen, men då hadde eg rekna med at det skulle vere opplett om ikkje anna. Eg vakna veldig tidleg og låg og verkte i foten. Klokka 6.30 stod eg opp og laga meg frokost så eg fekk tatt smertestillande tablettar, eg la meg inn att i senga ei stund etterpå.

I går slapp eg opp for boss-sekker så det skulle eg kjøpe i dag. Men då eg kom ut i garasjen klar for ein by-runde, såg eg at der låg ein heil rull med sekker. Men eg let meg ikkje stoppe av det, eg køyrde ned til ALTI der eg fekk kjøpe fleire sekker- og ikkje berre det, dei hadde fått inn att Labbetuss-garn til lestar. Eg hadde eit par buntar frå før, men trong meir garn skulle det bli til noko. Og det blir det no,

Matvarer kjøpte eg på SPAR i dag, og då gjetter vel alle på at eg kjøpte spekesild-og det gjorde eg. I dag hadde dei fått inn Kryddersilda, den er enda betre enn vanleg spekesild. Eg laga meg middag tidleg i dag sidan eg hadde så tidleg frokost. Eg fekk sett på oppvaskmaskina, og så slappa eg av ei stund, Eg hadde avtale med Marit om at ho skulle komme nedom ein tur, ho prøvde seg på treninga i dag, det gjorde ikkje eg. Det var godt å få prate litt igjen, vi har gått mykje heime åleine begge to i det siste.

Eg attteleter på alt eg ikkje får gjort ute og i garasjen, men Even har vore her med ein sekk med flott ved, store beine kubbar som brenn lenge. Den veden som eg hadde laga meg sjølv brann som om om det skulle ha vore papir. Even leverer berre få sekker om gongen så då er der plass i garasjen. Så eg slepp å fryse. Helvetesilden er verken betre eller verre enn den har vore. Det ser ut til at eg får ha den ei stund.

Eg las mykje i boka mi i går, i dag har det ikkje blitt noko enno, men den var fengslande, så den var ikkje lett å legge frå seg.

I morgon har eg fredagsvasken å underhalde meg med. Godt å ha noko som MÅ gjerast.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28. april

Klokka er no 22.10, teperaturen ute er + 10 graderC  og vi har hatt fin ver i dag. Den siste snøen som kom i fjella smelta sikkert i dag. Eg...