torsdag, september 01, 2022

Dagbok 2022: 1.september

Klokka er no 18.20, temperaturen ute er + 17 grader. Først på dagen hadde vi nydeleg ver og sol, men no sig skodda lenger og lenger nedetter fjellsidene- og sola er vekke. Dette er typisk Ørstavêr.

I dag køyrde Marit og eg kvar vår bil på treninga, fordi eg skulle ha ein time med undersøking av foten min etterpå. Då eg kom heim sette eg meg opp på benken til Marit som passa hunden. Då var det sol og varmt og fint. Vi sat og beundra det fine nye taket på huset mitt-ja, det er ikkje ferdig på langt nær. Men i går og i dag har han hatt mykje arbeid med å skifte pipehatt, ventilar og diverse anna som eg ikkje har så god greie på. Alt skal bli nytt og fint.

Etter ei stund gjekk eg ned og åt litt, også måtte eg kvile litt på dagsenga med lydbok. Så skulle eg ut og jobbe, men Marit sat på benken, så eg måtte opp ein tur. Der sat eg til Takmannen min hadde reist. Då gjekk eg ned i hagen og klipte med saks rundt åkrane mine. Eg hadde to jordbærstykke, men eg reiv opp alle plantane og planta på nytt-på eine "åkeren". Men i år vart det berre rot, for det vart ikkje vêr til å vere ute; fann eit og anna bær, men det ser ut som om plantane har flytta på seg. No får vi sjå om det blir fine dagar framover så kan eg få rydda opp. Den åkeren som eg ikkkje har planta noko i har eg spadd opp to gonger i løpet av sommaren. Det er i grunnen kjekkare med bærbusker, men jordbær veks ikkje på tre. No skal eg ha meg litt middag, for eg fann nokre små nypoteter i jordbæråkeren, så dei har eg kokt. Spekemat har eg også.


     Det minkar med material på tunet, men ruskedungen veks.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 2.mai

Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...