onsdag, august 31, 2022

Dagbok 2022: 31.august





 Klokka er no 19.17, temperaturen er + 17  grader og det har vore ein strålande dag på alle måtar. Då vekkerklokka ringde klokka 6.30 var eg vaken for lengst. Eg likar å ha god tid når det er noko eg skal, og eg fekk enda tid til å sjå ein episode av serien "MIN". Klokka 9.15 starta pensjonistturen frå haldeplassen i Ørsta med 49 pensjonistar om bord. 

Lufta var så klår som den finaste haustdag, ikkje ei sky på himmelen, berre ei strålande sol. Finaste dagen hittil i år. Sjåføren var ein gammal kjenning som har køyrt oss før- Målet for turen var Nordøyane, dei som ganske nyst har fått vegsamband. Vi køyrde til  Festøya og tok ferja over, einaste ferjestrekninga på heile turen. 

Vi køyrde til Digerneset og tok av til Tennfjord, så køyrde vi forbi Slygstad og utover heile Grytastranda. Eg fekk sjå huset der Marit budde før ho flytta hit. Vi køyrde eit stuykke til, og så kom vi til Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya, Fjørtofta og Harøya. Nokre stader var det bruer, andre stader undersjøiske tunellar, den eine er no den djupaste i Norge, så no er Eiksundtunnelen nummer 2. Vi køyrde litt fram og tilbake på øyane og såg oss om. Det var sjåføren som valde vegane. 

Vi stoppa og såg på vindmøllene på Haramsøya, dei var store, men ikkje så nær husa- det vi kunne sjå. På Haramsøya var det vi fekk middag. Dei asiatiske damene som dreiv kafeen hadde laga det til slik at vi forsynte oss sjølve, og det gjekk fort og radig. Vi fekk sosakjøt med poteter, gulrot og grønerterstuing, og til dessert var det riskrem med jordbærsaus + kakestykke til kaffien.

Det blir sikker mange som kjem til å ta ein liknande tur og det vil eg anbefale, sjølv om det ikkje blir heilt billeg. Det som imponerte meg mest når det gjeld naturen ute på øyane, var dei store ,flate, veldyrka gardane, heilt annleis enn t.d. Solund der det er mest berre stein og fjell. Det var vanskeleg å ta bilde på grunn av at ein fekk sola i augene og såg ingen ting. Marit og eg sat i lag i bussen, og var ute av bussen berre to gonger, så i dag har vi verkeleg fått køyrt oss. Heimturen gjekk via Brattvågen.

Eg kan ikkje greie å forklare så godt kvar som var bruer og kvar som var tunellar, og kartet som eg har er ikkje heilt oppdatert.

                       Den eldste av dei som var med på turen er 94 år.

Då eg kom heim såg eg at Brubakk ikkje hadde fått på det som skal vere utanpå skorsteinen, han spurde i dag om eg visste nokon som kunne hjelpe han, men eg hadde ingen på hand. I postkassa fann eg ei ny rekning frå Koppen som eg skal betale med ein gong, så det ikkje vert gløymt. Så får eg sjå om eg finn ein hjelpar i morgon. 

I dag er det den 31.august, fødselsdatoen til pappa og besta, med 20 år i mellom.
Og alle åra eg gjekk på skulen på Eid, var det siste feriedagen,  skulen begynte alltid 1.september, viss det ikkje var på ein sundag,

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...