tirsdag, august 30, 2022

Dagbok 2022: 30.august


 Klokka er no16.15, temperaturen ute er + 19 grader og det er nydeleg ver. Spla var litt sløv ei stund, men no er ho tilbake med full styrke.

I dag var eg veldig aktiv på føremiddagen. Først på trening , så på VØR med 4 sekker hageavfall, ein sekk med emballasjeplast ein sekk med bitar av takpapp og ei spann med metall. Greitt å få rydde litt etter kvart. I dag driv Brubakk og legg på takplater, eg skal gå opp til Grytten og ta bilde litt seinare.

Då eg hadde køyrt opp Mosmarkvegen 2 gonger, og tenkt på gravene som skulle ha vore stelte, henta eg ei saks og køyrde beine vegen bort til Askjelhaugen og klipte graset ved både Nils og Robert sine gravsteinar. Det blir så høgt gras fordi mosen er så våt og omfangsrik og "løfter" graset opp. Eg sat ei stund og prata med Marit på benken då eg kom heim, og så fann eg meg litt mat.

Eg tekjer på turen i morgon. Eg har ikkje vore alle stadane før, så eg leitte opp kart på datamaskina. Så kom eg på at eg har ei plastkorg med alle slags kart etc. frå turane vi hadde for nokså mange år sidan. Mest kart var der frå Sverige, men også eit kart som eg kjøpte ein gong i Tyskland. Då eg spurde etter kart frå "Ganz Deutschland" .-og dama såg rart på meg. Dette var før muren fall.

Men det som vekte mest interesse av det eg fann var ein bunke med prospektkort, dei fleste var frå meg til mamma, der eg har sendt helsing frå turane våre. Men der var også kort til Nils og meg frå barn og andre venner. Det tok litt tid å gå gjennom alle. Der var også kort som eg hadde kjøpt men ikkje brukt. Dermed har klokka gått litt fort etter middag, men det gjer ikkje noko, for det einaste som no står att på dagsplanen min er å plante rosebuska som eg kjøpte sist laurdag.

Det er vanskeleg å vite kva ein skal ha på seg i morgon, det eg hadde tenkt å ha blir nok for varmt, men eg vil no ikkje fryse heller.Eg får sjå vermeldinga i kveld, og så går det an å ha med seg litt "byte" for vi skal vel ha samme bussen heile tida.

Bildet over var på eit kort eg fann, det var heilt glatt og fint, så eg kunna ha hatt ramme på det om eg hadde hatt, Eg går ut frå at dei fleste i familien kjenner seg att.

Det var ikkje så lett å ta bilde av taket, for eg fekk sola rett imot.

                                                Marit luftar Arja.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...