fredag, september 02, 2022

Dagbok 2022: 2.september

 

Klokka er no 19.40, temperaturen ute er 16  grader C. Det har ikkje vore så fint i dag som det har vore dei to dagane før, det har vore mykje skodde, litt sol , men ikkje regn. Han som legg tak har det bra no når han slepp rennet og taket veks frå dag til dag, det er skinande blankt og svart. Det ser fint ut.

Eg har ikkje vore nokon stad i dag, men har vaska og rydda i heimen. Gjorde det litt grundig i dag og tok soverommet også. Der kan eg berre vaske når det er oppphaldsver fordi der er så mange teppe. Elles så har eg no sett serien min, men no får eg ikkje meir av den  før på mandag. 

I dag fekk eg endeleg i jorda den rosebuska eg hadde kjøpt. Eg kunne ikkje ha den der eg hadde tenkt, så eg flytta litt på den eine rosa i beddet og fekk plass til den nye. Elles har eg ikkje gjort særleg mykje hagearbeid i dag, berre klipt nokre greiner her og der, men i dag såg eg at bæra på blåbærbuska mi var begynt å modne. Det er mykje som kjem seint i år, den eine rosebuska mi står enno  med berre knoppar. Den kan no blomstre fram mot jul viss vi får mildver.

I morgon har eg tenkt meg på ein liten handlerunde igjen- mest for å markere at det ikkje er søndag. Både Marit og eg har gjort husarbeid i dag, men det vart ein liten kvilepause på benken då det leid på. Eg har klesvask på gang, eg må vaske klede når ikkje takmannen er her, for vi brukar samme stikkontakt.

Så er denne veka snart forbi -og eg ønsker alle ei god helg.





Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...