lørdag, september 03, 2022

Dagbok 2022: 3.september


Denne rosa heiter Nina Weibull, den vart første gongen dyrka fram av ein dansk gartnar i 1962. Det vart lenge før denne rosa mi fann det for godt å blomstre i år, men så får eg håpe at den blomstrar lenge.

Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 19 grader C. Sola skin, sjølv om det eg nokre skyer på himmelen. Det har vore fint i heile dag, men litt kaldt først på dagen. Eg har hatt ein veldig kjekk dag. Eg hadde lyst nedover ein tur i dag, og Marit ville vere med. Vi skulle ikkje kjøpe noko særleg, men ville no komme oss ut litt. Vi køyrde ned til ALTI og der gjekk vi ein runde i parken ( Tussaparken /Hamneparken) og såg oss om. Der var mykje fint og artig å sjå, berre så dumt at eg ikkje hadde telefonen med - såpass eg kunne ta bilde.

Vi gjekk så inn på ALTI og kjøpte oss kaffi og kaker og kosa oss med det. Det var ikkje så mykje vi skulle handle, og det vesle eg skulle ha kjøpte eg på KIWI på heimvegen.

Då vi køyrde forbi Laguneparken på heimvegen såg eg at det heldt på å rigge opp til konsert, det skulle vere "Musikk i sentrum" i dag, men det hadde gått meg hus forbi. Eg lurte på om Erlend skulle vere med å spele, så eg gjekk inn på maskina då eg kom heim for å sjå om der var meldingar. Og det var der. Margrete ville komme ein tur opp til meg og så skulle ho på konserten. Eg laga til litt kaffi + is , som vi åt i ventetida.

Det er alltid artig med musikk i parken, særleg når Erlend er med. Ingrid var der også, men ho var publikum.

Margrete og eg hadde avtalt å ete middag på den indiske restauranten, så vi gjekk dit etter konserten. Vi fekk nydeleg mat, kjøtt med god, raud saus+ ris og nan-brød. Margrete og eg er veldig flinke til å ete opp alt vi får, men vi vart skikkeleg mette. Margrete køyrde meg heim og fekk med seg det ho ikkje fekk sist, dvs. diverse tilbehør til etasjesenga. Og enno skin sola så fint ute. Indianersommaren kom til slutt og gjev den ville vare lenge-kanskje heilt til jul?

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...