søndag, september 04, 2022

Dagbok 2022: 4.september

 


Klokka er no 17.04, temperaturen på trappa er + 20 grader og det har vore nydeleg vêr i heile dag. Eg vakna tidleg, men sovna og vakna fleire gonger før eg stod opp. Eg tenkte eg skulle gå ein tur på Vernet i dag, for eg var bra i foten, men først ville eg rydde litt i garasjen. Eg plukka i hop fjølebitar etc.og bar ned i tilbygget, der eg har ved. Eg fekk ikkje tak i alt i dag, men det kjem fleire dagar. Eg kosta i hop sagmask og fylte i posar, det kan eg ha på VØR .Emballasjeplast er her mykje av, men dei store tinga greier eg ikkje å fjerne sjølv, det er mykje metall, takrenner, pipehatt og mykje meir. Det får ligge så lenge. 

Då eg sa meg ferdig med ryddinga for i dag, var eg rett og slett skiten -både på kropp og klede, så eg gjekk rett i dusjen, samme kva det kosta, og fekk på meg reine klede før eg gjekk på Vernet. Eg sette meg på ein benk då eg kom opp, og då kom mor til Anita i Larsenhuset og prata med meg. Eg kjenner henne frå før, har snakka med henne når ho og mannen har vore her. Ho er no liksom litt Eidar sidan ho er frå Kjølsdalen og har jobba på Eid.

Då eg hadde gått eit stykke til, kom Rigmor, ei tidlegare kollega og venninne. Ja, venner er vi no framleis. Ho fortalde at mannen hennar var komen på Ørstaheimen.

Då eg kom heim igjen åt eg "middag". I dag vart det kald fiskepudding med majones på skiva. Heilt greitt for meg, mat kan eg lage når det blir stygt ver.

I dag la eg meg ut på altanen på solsenga med lydbok -etter middagen.

No har eg hatt meg ein tur i hagen og ete litt bær. No først blomstrar nokre av buskene som vi har planta. Om eg skal klippe plen i morgon eller vente eit par dagar veit eg ikkje, graset veks ikkje så fort lenger. Men eg må i alle fall jobbe ute viss veret er like fint som i dag.

Eg trur eg må sette meg ut på altanen igjen og nyte fineveret.




Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...