Klokka er 17.25, og temperaturen ute er +16 grader C. I dag har det vore små regnbyer , med lenge imellom, så snikkaren har fått jobba full dag.. Eg ser ikkje så godt kva han gjer, for han held på oppå taket for det meste.
I seinare tid har eg ikkje hatt problem med å sovne, men i går kveld sleit eg litt før eg fann roa. Likevel vakna eg tidleg i dag. EG stod ikkje opp før i 8 tida , då var eg ute og flytta bilen min i tilfelle snikkaren kom og det gjorde han.
Oppe i hovudet mitt har det vore laurdag i heile dag. Men uansett så ville Marit og eg ein tur til Vik i dag, på apoteket først ogg fremst , men så var vi innom Spar og handla mat. Men vi ville innom KIWI også, så der var vi på heimvegen.
Det er på Spar eg finn den gode krydderspekesilda mi. Og i dag let eg meg friste. Så då eg kom heim, laga eg meg ein nydeleg middag, det skjer ikkje kvar dag. Sild, nypoteter, kålstuing, rødbetar og tyttebær. Det var så godt at det var vanskeleg å ete passeleg mykje.
Etterpå sette eg meg i godstolen med lydbok og sovna. Og det gjorde godt. Då eg vakna gjekk eg ned i hagen og plukka det som var etande av jordbær og bringebær. Så no er seg stappmett-igjen. Eg føler på at eg skulle gått ein tur på Vernet, men veit ikkje om eg greier det når eg er så framtung
Eg møtte også venninna mi, Ragnhild, ho inviterte til hyggekveld på Kunsthuset komande onsdag. Mannen hennar har gitt ut ei ny diktbok, som han skal lese frå. Eg har no lyst å gå, men håper at Marit også vil, for eg likar best å gå i lag med einkvan.
Ja sommaren er på hell og snart må vi vel til å trene igjen. Eg føler ikkje på at det har vore særleg mykje sommar -og ferie. Men eg har no heilårsferie så eg skal ikkje klage. Det eg håper på no er at veret blir bra at eg får ferdigstilt huset, det er mykje som skal gjerast, men eg vil no ikkje at huset skal forfalle- det er tross alt snart 50 år gammalt.
Eg høyrer ein og annan plenklippar som går, men eg synest det er for vått til å slå, her hos meg er det mjukt abv mose i botnen, noko som gjer det ekstra tungt å slå. Disse kompisane mine i nabolaget påstår at robot-plenklipperane skal digitaliserast- så då kan det vel hende eg kjøper ein.Vi ventar og ser.
Sidan det er fredag vil eg ønske alle lesarane mine ei god helg. I morgon blir her ikkje snikkar, så då går det an å komme her.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar