torsdag, august 04, 2022

Dagbok 2022: 4.august

 



        Klokka er no16.10, temperaturen ute er + 14 grader og det regnar.

Dagen begynte så fint, med opplett og litt sol. Eg var som vanleg tidleg oppe og  sette  bilen min opp til gata før Brubakk  kom. Ikkje lenge etter kom det ein stor bil og med den kom der eit heilt tak og diverse anna byggemateriell.Der stod namnet mitt på alt.

Sidan det var opplett i dag fekk eg ut golvteppa og vaska soverom og datarom.Då eg var ferdig med det og hadde fått inn att alle teppa, skya det over, men eg trudde ikkje det skulle bli så gale så eg sette i gang å plukke alle bæra på den minste solbærbuska. Eg blei heilt gjennomvåt, men bæra var berga og eg tok like godt og sylta dei med det samme. Det var ca. 1 kg bær. Då eg hadde fått sylta på glas fekk eg endeleg tid til å dusje og bytte om til tørre klede. Til middag i dag vart det graut som eg hadde ståande i kjøleskapet.

Eg skulle slappe av med Netflix etterpå, men det vart litt voldsomt. Mykje slosting og styr og best det var kom det harde dunk frå taket. Brubakk hadde starta rett over hovudet mitt, og eg var redd han skulle dette ned-Det gjorde han ikkje og no er han reist heim for dagen. Det er aldeles utgjort med dette vêret, denne sommaren er ikkje mykje å skryte av. Eg skal køyre bilen ned att på tunet no, men i morgon må eg handle litt. Det er fredag i morgon men eg er heilt ferdig med "fredagsvasken", så eg er fri i morgon. Håper etter kvart at eg få treffe att alle som har vore på ferie. Alle tre "barna" er komne heim no.




                                          Slik har vi det no

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 22.november

Klokka er no 16.18 og bildet over er tatt for eit par minutt sidan. No sit eg her inne i huset mitt og er så å seie innesnødd. Ser de godt e...