lørdag, juli 02, 2022


 Klokka er no18.23, temperaturen er + 19 grader C. Det har vore opplett men ikkje så mykje sol i dag, men for ei lita stund sidan kom det ei kraftig regnbye. No skin sola meir og mindre. Skærsminen i hagen er veldig fin no, men det kjem ikkje så godt fram på bildet.

Eg starta dagen med frokost og sudoku; eg begynte frå begynnelsen enno ein gong utan å lykkast. Eg tenkte å ta det med ro i dag og sj¨å om foten kom seg. Det har den absolutt gjort, men eg kan no ikkje vere så lat kvar dag,. Eg var ein liten tur på butikken, skulle hatt lyst på Plantasjen, men det vart ikkje i dag. Eg kokte risgraut av melk som eg hadde att, og så kjøpte eg ein ny liter på butikken. Eggog melk og mjøl er slikt eg alltid har i hus, såpass eg kan lage vaflar om nokon kjem på besøk.

Elles har eg lese i boka til Abid  Raja, han les den sjølv på Storytel. Eg har no høyrt mykje av livshistoria hans før, men kjekt å høyre likevel, eg begynte i går kveld og no har eg lese halve boka. Når eg ikkje går tur eller jobbar i hagen, får eg tid til overs. 

På kjøkkebordet låg fleire eksemplar av havferdige sudokuar, eg tok ein som var nesten ferdig og fann fort fram til dei siste tala. Dette er hjernetrimmen min. Ut på ettermiddagen gjekk eg ned i kjellaren og laga til senger til Kongsberg-gutane,  planen er at dei skal komme hit 11.-12.juli.Dei er framleis i Egypt.

I dag fyller nabodama 80 år. PÅ litt avstand ser ho ut som ein 17-åring. Både ho og mannen har 80-årsdagar i år, derfor var vi naboane invitert til dei for litt sidan. Vi har gode naboar, Dei som fyller 80 i år er dei som har budd her like lenge som eg. Den 14.desember er det 50 år sidan vi flytta inn. Eg har begynt å tenke på å bli ørsting og ikkje eidar lenger , for eg har budd her i Ørsta mykje lenger enn på Eid.

I dag held peonane mine på å sprette ut -  Eg ser fram til at Rasmus skal kome og sage ned eit tre- minst eitt.

Eg har ikkje sett nyheiter i heile dag, så no må eg ha på TV-en.





Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...