Klokka er no 17.42, temperaturen på trappa er + 19 grader. Då eg stod opp i dag var det skodde og det såg ikkje lovande ut , men det varte ikkje så lenge før sola kom fram.
Marit og eg hadde tenkt oss bort i Furene i dag, på Plantasjen og CO-OP m.m. Marit skulle køyre, men vi hadde ikkj køyrt mange metrane før der var ein ulyd i bilen, som vi ikkje fann ut kva var. Det vart å snu heim att, og skifte bil og fører. Eg fekk forresten det nye førerkortet mitt i går.
Eg kjøpte ikkje noko på Plantasjen i dag, eg må planlegge og vurdere før eg plantar noko meir. Men eg fekk utretta eit anna ærend mens vi var der. På Coop trefte eg Astrid som eg jobba i lag med i mange år. Ho er ikkje blitt yngre , ho heller. Då vi kom heim laga eg ei pannekakerøre, som fekk godgjere seg mens eg løyste sudokuen i Møre-Nytt.
Sist eg var på plantasjen kjøpte eg ei lett steikepanne som eg skulle ha til pannekaker, men eg kom på i dag at eg hadde ikkje brukt den enno, så derfor.
Etter kvart kom eg meg ut i hagen for å jobbe, og eg fekk gjort ganske mykje. Måtte faktisk vatne litt her og der, og rydde i bedda. Så klipte eg med handsaks på muren ned mot Larsen-huset, Eg har ikkje kantklipper som funkar. Ja, eg klipte no litt rundt buskene også, og til slutt raka eg alt graset som låg att frå i går, då eg klipte utan oppsamlar. Fordelen med å gjere de slik er at det halvtørre graset tek mykje mindre plass i sekkane. Eg har mange sekkar no som snart skal på VØR. Eg kan ikkje ha så store sekkar at eg ikkje greier å løfte dei oppi og ut av bilen. Eg tenkte på det i dag at når ein har snø om vinteren og gras om sommaren, blir ein aldri i beit for arbeid. Eg har vore betre i foten og ryggen i dag, men eg har ikkje gått på Vernet.
Eg maila med Rasmus i dag, dei har tenkt seg til Ørsta sånn ca. midt i juli. Eg ser fram til det. Even nabo har begynt å legge plater på huset deira. Eg håper at mitt tak skal bli ferdig før hausten kjem for fullt.
I fjor vaska , rensa og fraus eg ned rabarbra. Sidan har eg ikkje sett den. Eg har frose ned ein porsjon hittil i år også, men eg har ikkje laga noko av rabarbraen, Det er litt stussleg med rabarbragrøt til ein. Eg tenkte eg kunne lage kake med rabarbra, eg har ikkje gode oppskrifter, men det finn eg kanskje på nettet. Eg får sjå viss det kjem ein regnversdag.I morgon er det trening igjen. Eg synest dagane og vekene går så altfor fort på denne årstida.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar