Klokka er no 18.13, temperaturen ute er + 21 grader C, og vi har hatt enda ein strålande dag. Slike dagar prøver eg å vere ute mest mulig. I dag var det trim-dag, men Marit kom ned og sa at ho ikkje blei med , for ho var forkjøla. Så eg måtte fare åleine. På heimvegen køyrde eg bortom gravplassen for å sjå korleis der såg ut. Dei hadde klipt graset sidan sist, men dei finklipper ikkje attmed steinane, så eg må ha ei saks neste gong eg fer bort. I fjor sommar hadde eg saks i handveska kvar dag.- Men eg fekk no vatna blomstrane.
Eg hadde planlagt å fare bort på VØR med hageavfall i dag, og då eg kom heim bestemte eg meg for å fare med ein gong, så eg lessa inn i bilen 8 sekker med hageavfall, nokre store og nokre små. Eg kan ikkje ha så tunge sekker at eg ikkje kan klare å løfte dei opp i bilen og ut att. Der var så mykje hageboss at det vart vanskeleg å få tømt, eg ser at det er fleire enn eg som tømmer gras der også. Då eg kom heim att, såg eg at der stod att ein halv sekk nede ved kompostbingen, men det blir vel snart ein tur igjen.
Eg brydde meg ikkje med å byte om då eg kom heim, men heldt fram med litt hagearbeid. Blant anna så kveila eg ut heile hageslangen og fekk vatna der det trongst mest. Eg er veldig påpasseleg med solbærbuskene mine for eg har lese at dei skal ha godt med vatn. Det er kjekt å vere ute, for så kjem det naboar bort og pratar, det vart ikkje så mykje gjort med meg i dag. Ryggen min er ikkje så samarbeidsvillig. Då eg bestemte meg for å ta pause, gjekk eg inn gjennom vaskekjellaren og heiv av meg dei skitne kleda og sette på ei maskin. Eg kjende at eg var trøtt, så eg tok med meg lydboka og la meg på altanen og sov ein god middagslur. Eg har ikkje problem med å sove om dagen, det kan vere verre om natta.
Eg går ikkje på Vernet dei dagane eg både trenar og jobbar i hagen, det er ikkje bra med for mykje mosjon. Eg har ikkje laga skikkelig middag i dag, men det er no ikkje så farlig. I morgon er det fredag og vi har brukt opp enda ei veke av sommaren. No spørs det kva vêr vi får framover, det er visst meldt regn.
Då får eg berre gå ned og jhente klesvasken og få den ut på altanen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar