Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 20,5 grader C, det har vore ein nydeleg dag med sol frå klår himmel.
Venstrefoten plagar meg, men ikkje verre enn at eg kan gå på trening og styre i hagen. Det er dei to tinga eg har gjort i dag, Etter treninga var vi ein tur på apoteket før vi for heim. Eg venta ikkje så lenge før eg begynte å klippe gras. Det var rikeleg av den sorten i dag. Sat borte med naboane og prata ei stund, og eg fekk tips om at eg ikkje trong å klippe med oppsamlar nede i skråninga.Eg gjorde som han sa, og det vart sjølvsagt mindre strevsamt, men så får vi sjå om eg må til å rake. Det veit eg ikkje enno. Eg kan i alle fall slå fast at vi har eit godt gras-år.
Eg var inne ei stund og laga meg litt mat.
Øystein og "Snikkaren" som var og flikka på huset for nokre år sidan kom for å ta mål av taket og sjå kva elles som skulle gjerast. 1.august kjem han og skal bytte bordkledning på austsida og legge nytt tak blant anna. Ein kan ikkje la huset stå å bli øydelagt heller. Eg synest no enno det er eit nytt hus, men det nærmar seg 50-årsalderen.
Etter at karane var reiste, klipte eg siste plenlappen, vaska klipparen og sett den på stall, I morgon føremiddag skal Marit og eg bort i Furene og handle, på Plantasjen og Coop, blant anna. No er klokka så mykje at det nærmar seg Nyheits-tid. Har ikkje sett nyheiter før i dag.
Mange av naboane har hatt ute flagget i dag, men eg syntest eg har flagga nok for ei stund.
I går begynte eg på endå ei bok av Karin Fossum. Eg likar så godt han som les-det er Kim Haugen. Han les passelig fort/seint utan alle slags ulydar."Bakom synger døden", heiter boka.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar