I dag kan vi gratulere Olaug med 25 årsdagen. På bildet er ho saman med sambuar Thomas-
Klokka er no 18.12, temperaturen ute er + 17 grader, det var varmare før i dag, men det har vore kald vind det meste av dagen.
Det har ikkje hendt noko særleg i dag, Eg var relativt tidleg oppe, og i løpet av føremiddagen fekk eg rensa opp i bringebæråkeren, som var så full av skvallerkål at bringebærstilkane nesten forsvann. Det var litt av ein jobb og eg hadde nesten full sekk med ugras, men det var kjekt å få gjort noko. Var ut og klipte litt gras med saks i går kveld også. Det har vore litt stille i gata desse dagane, for naboane har vore bortreist. No i dag kjem Marit og familien att frå hytta og i morgon er det full fart med trening igjen.
I dag laga eg supergod middag til meg sjølv. Det var spekesild eller rettare sagt kryddersild med poteter, rabbe, rødbetar etc. til. Det var ein gong eg kjøpte spekesild frå frysaren, den var ikkje god. Vakuumpakka sild er best.
Etter middgen la eg meg ut på solsenga og las ferdig boka mi, så eg fekk vite korleis det gjekk til slutt. Men eg hadde kjensle av at eg hadde hoppa over ein del(dvs. sove), så eg måtte ta att boka då eg kom inn at og få med meg det eg hadde "hoppa over".
No ser eg at Marit &Co er komne heim. Håper at Lollo (katten) var heime då. eg har ikkje sett henne sidan i dag tidleg.
No skal eg bevilge meg ein kopp kaffi.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar