fredag, juni 03, 2022

Dagbok 2022: 3.juni


 Klokka er no 16.34, og temperaturen på trappa er + 13 grader C. Det har regna mykje i dag og skodda ligg langt nedetter fjellsidene. No på ettermiddagen vart det litt opplett så eg fekk gått ein tur på Vernet .Som de ser på bildet er det mykje vatn i elva, både regnvatn og snøsmelta.

I dag har det vore ein laber dag her hos meg, eg er litt sur for at eg ikkje får styre på i hagen-men det er for vått. Eg var ferdig med fredagsvasken før klokka 12 og hadde ikkje så mykje meir på timeplanen. Då gjorde eg noko som eg sjeldan gjer-på dagtid. Eg las i ei bok. Boka heiter : "Den japanske elskeren" og er skriven av Isabell Allende. Eg har høyrt lydbokversjonen, litt kvar dag, men eg fekk liksom ikkje tak i alt innhaldet. Då kom eg på noko lurt. Eg gjekk inn på nettet og las om boka, og då gjekk det mykje betre. Eg sat nokså lenge og la kabal og høyrde bok- til det vart tid å ete middag. Eg hadde kokt ein god slump risgraut i går, åt av den i går kveld og i dag til middag. Og enda er det meir att.

Eg må vel handle litt til pinse, men det kan vente til i morgon. Marit og eg har tenkt oss bort i Furene, men det vart ikkje i dag. I dag har ho hatt besøk av Oddrun. I morgon kveld, etter ballettframsyninga, skal dei på hytta. Då skal eg passe Lollo.




Eg tok ein tur på Vernet etter middagen, då var det opplett ei stund, men det regna litt før eg kom heim. Dei hadde vore der og planta slik som i fjor.

Eg sat ei stund på ein benk og såg på utsikta, den var ikkje på sitt beste i dag.

Og så var det ikkje meir straum på telefonen.

Det blir vel til at eg les meir i boka når telefonen er oppladda, og så blir det TV etc. Innimellom les eg spansk - kvar einaste dag. Det gjeld å halde ved like det ein har lært og helst lære litt meir 

Eg synest det er litt irriterande å ikkje få vere ute og jobbe i hagen når der er så mykje eg skulle ha gjort. No er det pinse, og då plar det oftast vere fint ver, så vi får håpe på det i år også. Uansett vil eg ønske alle ei god pinsehelg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24: 19.mai Pinsedag

 Klokka er no19.15, temperaturen ute er +12 grader, det er litt vind og fin sol. Eg kom akkurat heim frå ein tur på Vernet, og det var frisk...