torsdag, juni 02, 2022

Dagbok 2022: 2.juni


 Klokka er no 17.00, temperaturen på trappa er + 15 grader C. Akkurat no er det opplett, tidlegare i dag regna det, og skodda ligg langt nedetter fjellsidene. Men det ser ut til at det skal bli finare etter kvart.

I dag var vi på trening, Marit og eg, og så handla vi på KIWI på vegen heim; eg hadde ikkje handla noko sidan laurdag. Eg var litt plaga med ein fot så eg såg ikkje for meg at eg skulle få gjort noko her heime i dag. Men eg fekk no i alle fall sett på ein klesvask eller to. 

I dag åt eg kjøttkaker for 3.dag på rad, men no er det slutt for denne gong. No kokar eg risgraut fordi eg hadde "gammal melk. Grauten kokar seg sjølv på låg varme. Eg gjekk ut i hagen, der er alltid noko som skal gjerast, og i dag begynte eg neda i huset, med å klippe rundt bæbusker etc. Då såg eg at eine blåbærbuska var død . Eg trur det var den eg planta i fjor. Den som er litt eldre såg fin og frisk ut. Det er mykje arbeid med ein hage viss den skal vere velstelt. Eg greier ikkje å ha orden overalt på samme tid, men eg gjer så mykje som er orkar her og no.

Begynte så vidt på bringebærålkeren, men der er det berre skvallerkål så det tek si tid å ruske opp.

Elles har det ikkje hendt så mykje i dag.

Eg kom på at tvillingkusinene mine har fødselsdag i dag. Men når den eine bur i Amerika og den andre i Sjåk blir det vel ikkje fellesfeiring. Helene , som bur i Amerika har eg ikkje sett sidan 1963, Kari møtte eg sist gong i 1991 då var ho på Eid. Ikkje veit eg kor gamle dei er heller, men dei er i alle fall yngre enn eg. Eg sjekka FB  og fann ut at dei er 80 år i dag.

Og no er det snart langhelg igjen, vekene går fortare enn eg likar Håper på fint vêr i pinsa. Marit får besøk av dottera si i morgon, og laurdag reiser ho på hytta på Ørskogfjellet. Eg har ingen planar enno, men eg er min eigen herre og kan gjere som eg vil-og kan.

I morgon blir det å vaske hus og rydde til helga og så får eg kanskje gjort meir i hagen.Har ein hius og hage er det alltid noko å finne på.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...