onsdag, juni 01, 2022

Dagbok 2022: 1.juni


Klokka er no 19.45, temperaturen ute er+ 12 grader og det regnar, på denne første dagen i juni månad .

Dagen min starta med at eg stod opp klokka 7, men var så låk i rygg og fot på venstresida at eg gjekk og la meg att for å stå opp nesten to timar seinare, men ein god del betre. 

Etter at eg hadde ete frokost og sett serien min gjekk eg ut og begynte å jobbe i hagen. I dag heldt eg til på dei to "plenane" opp mot gata. Marit U og eg la bork rundt hekken som skil tomtene våre. Seinare klipte eg kantar , tok opp løvetannrøter og raka etc. Det er ikkje slikt som syner så mykje att, men eg veit at det er gjort. Rydda litt her og der før eg gjekk inn att ca 13.30.Ikkje lenge etter begyte det å regne, og eg visste at mange av plantane ute trong vatn. 

Så var det på tide å ete middag etter kvar, sidan eg skulle på møte seinare. Middagen i dag vart restar frå i går. Så vart det ein liten pause før eg dusja og kledde meg om. Eg hadde på meg den nyaste genseren i dag og då var det ei som sa at den var enda finare enn den eg hadde sist.

Det var eg som køyrde i dag, og pensjonistmøtet var på "Fru Svendsen", Der starta vi med å kjøpe kaffi og kake i disken før vi sette oss. Det kom mykje folk så det vart fullt hus og vel så det. Tema for møtet i dag var "Arne Garborg". Terje Kjøde heldt eit veldig godt kåseri om han, både Marit og eg syntest det var interessant. Seinare song vi nokon av songane hans. Elles fortalde Eli om dei to dagsturane som er planlagde, den første skal vere til Stordalen og Rosekyrkje m.m. Den blir den 21.juni og eg trur ikkje eg blir med på den. Nils og eg var og såg Rosekyrkja ein gong vi var på dei kantar.

Den andre turen går ut i øyane sist i august, og der kan eg tenke meg å vere med, for der har eg ikkje vore.

Det er sytalaust å vere på møte når ein ikkje har ansvar for nokon ting, heller ikkje å skrive referat. Det har eg no nesten gjort her.

I morgon skal vi på trening igjen, og då skal vi handle litt etterpå. Oddrun kjem på besøk til Marit i morgon, og i helga skal Marit på hytta, så då skal eg passe Lollo.


                                Det er no fint og grønt i alle fall

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...