Klokka er no 16.50, temperaturen ute er + 14 grader, det er overskya og litt vind. Eg kunne godt tenkt meg varmare og finare pinsevêr.
Denne dagen har eg stort sett rota vekk. Det begynte med at eg vakna tidleg, stod opp og la meg til å sove igjen. Andre gongen eg vakna stod eg opp, gjekk ut på kjøkkenet og laga frokost etc. og år. Først DÅ såg eg på klokka og då var den eit par minutt over 7. Og eg hadde ingen ting oppe å gjere så tidleg, og når eg ikkj la meg før 1.30 i går kveld, blei det ei kort natt. Det gjer for så vidt ingen ting, det er berre det at ein blir litt trpøytt når det lid på dag.
Eg hadde ikkje mykje på timeplanen i dag, men eg skulle i alle fall handle litt mat, og det gjorde eg på KIWI; Det blei relativt tidleg middag i dag, og etter at eg hadde ete , las eg ferdig boka mi, før eg gjekk ein tur på Vernet. Trefte litt folk langs vegen såpass eg fekk vere litt sosial. No skal eg lage meg litt kaffi, og så er det vel ikkje til å unngå at eg sovnar framfor TV - en.
Marit reiser på hytta i kveld og eg blir kattepassar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar