mandag, juni 13, 2022

Dagbok 2022: 13.juni


 Klokka er no 17.00, temperaturen ute er + 12 grader, det er overskya og det har regna stort sett i heile dag.

Eigentleg skulle eg ha klipt plenane i dag, men det er ikkje råd, så vått som det er.Men sidan det vart innedag måtte eg finne på noko som var relativt nyttig. Eg hadde sett ei rabarbrakake på FB som eg ville prøve å lage, og det gjekk no relativt bra. Så fann eg ut at eg skulle lage ei gulrotkake og ha på lur, men eg hadde ikkje nok gulrot så eg måtte ein liten tur på butikken og handle. Eg tok tida, det tok 15 minutt å køyre ned og handle og køyre heim att. Ein lite Yaris er godt å ha!

Då eg hadde laga ei gulrotkake, fann eg ut at eg kunne lage ei til -og gjorde det. Då eg hadde eit lite ærend ned i frysaren , fann eg ei gulrotkake der også. Men det er vel heller snakk om kakebotnar, for eg må no lage fyll/glasur før det kan kallast kaker. Reknar med litt besøk no og då når sommaren kjem for alvor.

Marit kom ned ein tur på ettermiddagen og fekk smake rabarbrakaka. Elles har eg ikkje fått gjort noko anna i dag, og iikkje har eg gått tur. Mren i dag er eg faktisk ikkje låk i venstrefoten, så det kan vere greitt å spare på føtene til i morgon , for då er det trening-

Onsdag ettermiddag skal vi i før-fødselsdag selskap til Marit U. Ho fyller 80 den 2.juli. Torsdag skal er på trening 10-11, og til lege kl.13.30. Det er tre månaders kontroll, dvs. eg tek ei blodprøve og snakkar litt med legen. Eg kan ikkje forstå at det er tre månader sidan sist.

Det ser ut til at det kan klårne opp litt i dag også. Eg har mykje som skulle ha vore gjort ute, men då må det i alle fall vere opplett. Og helst litt tørt i graset.

No blomstrar dei to rododendronane mine, dei er rosa-lilla på farge. Eg har avtalt med Rasmus at han skal sage ned den store grana ned ved Urke-garasjen. Eg har tenkt å plante meir rododendron der. Sissel sa at rododendron likte veldig godt å vekse i barnåler.Det plar kome rododendron på tilbod etter sesongen. Sist eg såg dei på Plantasjen var dei 500 kr pr.stk. Den andre kjeglegrana fekk eg med elevane mine då eg vart pensjonist. Det er ei stund sidan, det også.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.mai

Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...