søndag, juni 12, 2022

Dagbok 2022: 12.juni

I dag gjekk eg "feil " veg på Vernet,og sette meg på første benken. Når eg sit der ser eg beint bort på Melle. Huset vi budde i er rive for lenge sidan, men den raude løa står att. I dag skein sola rett på staden der vi budde.(Rett under toppen på Melshornet)


Klokka er no 16.25. Temperaturen ute er + 13 grader og det regnar. Det har det gjort meir og mindre i heile dag. Eg har berre så vidt vore utfor døra i dag, men viss det lettar opp kan det bli ein tur når det lid på.

Søndagsmorgonen brukte vi alltid å sove lenge, men det var før. No vaknar eg grytidleg fordi eg verker i foten og hofta. Det verste er å ligge i ro, så då står eg heller opp, og så får eg heller sovne i stolen ei stund når det lid på dag. Eg har forresten funne ut at det verste eg kan gjere er å sitte i godstolen og strikke, så det må eg berre slutte med. Viss eg absolutt må sitte, er det best med ein hard stol.

Heldigvis kom eg meg til i dag også, det er like overraskande kvar dag. Eg har jobba litt i huset, med å stelle blomster, støvsuge og lage mat t.d. Og så plukka eg inn litt rabarbra som eg skar opp og fraus. Eg fekk ei oppskrift på rabarbrakake på FB i går. Det er ei av pensjonistvenninnene mine som lagar den. Kunne godt ha laga kaka i dag, men eg er litt lat. Får sjå viss det regnar i morgon også.

Eg brukar å kjøpe vakuumpakka ørret med skinn på eine sida. Den er kjempegod å steike, og eg har det ganske ofte om søndagane. Sist eg skulle kjøpe var der ikkje, så då kjøpte eg laks i staden-heilt skinnfri. Den steikte eg til middag i dag, men då vart eg skuffa. Den var ikkje på langt nær så saftig og god som ørreten. I tillegg hadde eg salta den for mykje. Men ned gjekk den ,med poteter og grønnsaker m.m. og mett vart eg. Eg sovna nesten, men berre nesten, då eg sat med kaffikoppen. 

Eg sit mykje på datamaskina og "snakkar " med folk. Marit snakkar eg med kvar dag og i dag har eg "prata" med Margrete. 

På FB låg der melding frå "Profesora" Eli. Ho skreiv på spansk at både ho og Terje hadde fått Korona og måtte halde seg inne. Men ho hadde no både helse og tid til å sende oss ei lita spansklekse, såpass vi har noko å grunde på. Det er den andre leksa vi har fått i "ferien". Den første handla om korleis vi skulle uttale oss om vi ville leige bil i Spania. For min del blir det ikkje aktuelt. I dag handla det om at to personar skal ut på kafé - det blir vel heller ikkje aktuelt for meg- i Spania altså.

Det er så typisk at det skin opp når det går mot kveld. No held sola på å bryte seg fram mellom skyene. Og eg tenkjer med ein gong på at no kan eg gå på Vernet. Det har vore lite folk der no. I går såg eg nokre få, men ingen eg kjende. Dagen før var eg der heilt åleine.

Eg har ikkje funne meg ny bok på Storytel, men tek gjerne imot tips om gode bøker. Livet er for kort til å kaste tida bort på dårleg litteratur-men eg har gjort det ganske ofte.

Om ikkje vêret har vore så strålande i det siste, så er det veldig frodig ute. Mykje lauv på trea og mykje gras på marka. Det er grønt nok.

I fjor såg eg ei marihøne. Då var det mange år sidan sist.I år har eg ikkje sett ei einaste ei. Før i tida krydde det av dei, og dei gjorde nytte for seg i det dei åt lus på rosebuskene. Desse to er no velvaksne og pyntar opp i steintrappa.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...