Eg hadde planane klar for dagen, i alle fall ei stund. Eg skulle på butikken og handle mat og så skulle eg pante flasker. Då det var gjort, var klokka 11.Og så vart spørmålet kva eg skulle bruke resten av dagen til . Det var ikkje noko stort problem. Eg vart no sittande å "prate" på Messenger med Marit og Rasmus m.fl. Så kom eg på at eg skulle ta inn ein klesvask og stryke diverse plagg. Det var også potteplantar som måtte ha litt stell etc. etc.- Så vart eg svolten og laga meg ein stor porsjon med grønnsaksalat.
Akkurat då var veret bra, så eg kunne gå ein tur på Vernet. Det er noko rart med føtene mine for tida, kor lite eg går kjennest det ut som om eg har gått milevis-men eg kan no ikkje slutte å gå av den grunn.
Då eg kom heim tok eg meg litt dessert og ein kaffikopp og sette meg inn i godstolen og ...Sovna. Heilt typisk, når eg har vore ute og kjem inn att. Og akkurat der er eg no-dvs. eg las litt i spanskboka mi, det gjer eg rett som det er.
Eg trudde det kom til å bli ein lang og kjedelig dag, men eg brukar aldri å kjede meg eigentleg. Og viss eg skulle finne på å kjede meg har eg tusen ting eg kan gjere-viss eg vil.
Sidan det er så mildt er det mykje snøsmelting og Vikelva fossar av garde heile døgnet. Det ser ut for meg som om det er mykje snø att i fjella no når vi snart er midt i juni.
I går trefte eg ingen på Vernet, og der var ikkje mange i dag heller. Bildet over er elva nedanfor brua.
PS: Eg fekk brev frå skattetaten, men fekk ikkje opna det. Eg skal ta meg ein tur inn i bankenog få Bank I D på telefonen, trur eg , den gamle brikka virka ikkje lenger-i alle fall ikkje på Skattetaten.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar