Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 17 C. Det har vore skya, men opplett og fint i dag.Det kom nokre få regndropar no då eg var ute ein tur.
I dag har eg ikkje "gjort" så mykje. Eg tok fredagsvasken f.m. og på ettermiddagen var Marit og eg ein tur fram på gravplassen. Eg hadde med meg saks og fekk klipt graset attmed steinen, eg skulle ta bilde, men det gløymde eg.
Eg var ikkje heilt god i føtene i dag, så eg lurte på kva eg kunne finne på. Det vart ein gåtur på Vernet - og jammen trur eg det virka bra, Middag har eg ikkje laga i dag, og ikkje har eg så mykje anna godt i huset heller. Så eg har tenkt meg på KIWI i morgon før middag, eg skal pante flasker og kjøpe noko eg har lyst på. Eg må no ha litt kaffimat om nokon sleng innom også.
I dag las eg ferdig boka som eg heldt på med, den var veldig bra.. Eg har lese lydbokversjonen, og på ein eller annan måte er det noko eg har gått glipp av. Der var to mord, men eg har fått oppklart berre det eine, så no lyt eg leite meg fram- og sjå om eg ser den andre mordaren også- viss det ikkje er den samme då.
No blir det vel å sitte framfor TV-en og strikke, eg har ikkje gjort hagearbeid i dag. Men først må eg finne mordaren.
Ønsker alle ei god helg!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar