torsdag, mai 05, 2022

Dagbok 2022: 5.mai


Klokka er no 17.10  og temperaturen er + 12 grader. Det har regna før i dag, men no held sola på å kome fram. Dagen i dag vart ikkje som foventa, for då eg kom ut og rygga opp på vegen, kom Marit og sa at det ikkje vart trening i dag fordi fysioterapeuten var sjuk. Eg hadde ikkje fått melding. Det vart til at vi avtalte å fare til Vik og handle ein time seinare, og det gjorde vi. I dag hadde vi ærend på ALTI og der trefte vi fleire naboar, mellom anna han som hadde vore på Haukeland. Marit fann seg fine nye sko, og eg fann litt av kvart som eg hadde bruk for. Etterpå køyrde vi fram på EIK senteret og kjøpte gjødsel, for eg ville få  den utover mens det var vått i graset. Der var mange kjekke menn og vi kom i snakk om kva vi skulle gjere med mosen, då den eine sa: "Det beste er å skyte den". Folk frå andre stader i landet hadde vel ikkje forstått vitsen i og med at dei ikkje har same namn på fugl og mose. Då eg kom heim snakka eg med naboen som nyss har blitt pensjonist. Eg fortalde at eg hadde kjøpt gjødsel og då insisterte han på å bere sekkane inn i garasjen. Eg tok den eine  sjølv for å demonstrere at eg er sjølvhjelpt.

Eg spyla bilen med hageslangen for eg syntest der var eit behov.

I dag laga eg "Pasta Carbonara" til middag (vi handla litt på KIWI i dag også) Etter ei lita kvilestund, sette eg meg til med genseren min igjen. Eg er komen til halsen no, men eg vil påstå at eg aldri før har plundra så mykje med eit strikketøy. Eg bala litt med den førre genseren også, men denne har vore verre, Den som eg strikka først vart fin til slutt. Eg veit ikkje kva eg skal skulde på ; garnet, oppskrifta eller meg sjølv. Skal eg vere heilt ærleg så trur eg at det er hovudet mitt som ikkje er så klårt lenger, men det er no godt å sjå at eg kom i mål til slutt. Eg blir vel ferdig i løpet av kvelden, men så er det trådar som skal festast etc.

No er det berre ein liten halvtime til Marit og eg skal ned og få meir vaksine.Det er berre dei over 80 som får tilbodet om 4.dose no i første omgang. Det er visst mykje smitte både i Volda og Ørsta for tida.

Det har vore eit kvart nesten kvar dag denne veka, men i morgon skal eg vere heime og vaske og rydde og kanskje gjødsle plenen.

..................................................................................................................

Eg skreiv dette tidlegare, men hadde ikkje  avslutta. 

No har eg fått 4.sprøyta, eg har strikka og rekt opp att halskanten 2gonger, så no skal eg prøve meg på Sudokuen i Møre Nytt i staden.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...