mandag, mai 02, 2022

Dagbok 2022: 2.mai

                                                         

                                      Akkurat no klokka18.30

Klokka er halv sju og tenmperaturen ute er +7 grader C, det regnar og det er surt og kaldt- Eg har ikkje kome meg ut for døra i dag, og det er litt trasig. I går var det så fint, med sol og greier, men i dag tidleg då eg stod opp, hang det eit klissvått flagg på altanen. Eg hadde sjølvsagt gløymt å ta det inn. Eg gløymer det meste av det eg bør hugse.

I dag hadde eg bestemt meg for å ta ein "heimedag" det vil seie å gjere husarbeid , og det har eg gjort. Vaska klede og hengt ut, støvsuga m.m. Men mykje av tida har eg brukt på strikketøyet mitt, der eg no balar med å strikke med 3 fargar på ein gong. Men endeleg fekk eg orden på systemet mitt, slik at eg slepp å rekke opp fleire gonger.

Eg gad ikkje å lage middag i dag, men åt resten av grauten som eg laga før helga. Åt mykje og godt i går, så det var ikkje lurt å gjere det i dag også. I morgon blir det vel trening-og det er bra. For når eg sit mykje i ro får eg vondt både her og der. Hadde det vore opplett no skulle eg ha gått ein tur, men når det er både vått og kaldt orkar eg ikkje. 

Det eg skulle ha gjort i dag, var å gjødsle plenane, for no er det passe vått til det, men så har eg ikkje kjøpt gjødsel. Det er grønt og fint ute no. Og eg har så mykje som skulle ha vore gjort ute, i staden for å sitte inne og strikke.

Den nest yngste av barnebarna, Vebjørn, fyller 16 år i dag. Hugsar vi reiste til Kongsberg den våren han vart fødd, då køyrde vi over Valdresflya der det var snø og stålande sol. Håper han har hatt ein fin dag i dag. Han går siste året på ungdomsskulen no. 

               Gratulerer med dagen, Vebjørn!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 2.mai

Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...