søndag, mai 01, 2022

Dagbok 2022: 1.mai

Klokka er no15.55. temperaturen ute er + 16 grader C og det har vore solskin det meste av dagen hittil, men der er nokre skyer på himmelen.

Med det samme eg stod opp i dag, var venstrefoten så låk at eg knapt greidde å gå, men det kom seg etter kvart som eg kom i bevegelse. Eg hadde tenkt å køyre til Volda litt etter klokka 11, så eg rakk å strikke eit par omgangar etter at eg hadde ete frokost og kledd meg om etc.

Det var ikkje så stor trafikk på vegen til Volda akkurat då, så eg hadde ingen problem med køyringa. Eg parkerte ved samfunnshuset, og der stod Ingrid (kjærasten til Erlend) så eg fekk selskap med ein gong. Margrete og Svein kom med ferja noko seinare. Det var kjekt for meg å ha selskap, for ingen av SV-vennane mine frå Ørsta var der.(Det brukar dei å vere). Erlend og ein kamerat var hyra inn for å spele og synge og dessutan vere forsangerar til fellessongane, Erlend spelte gitar og kameraten mandolin.

Det som eg synest er veldig artig ed desse samkomene er å sjå på folka som møter fram-dei er ikkje heilt A4 for å seie det slik; det var mykje skjegg og hår blant anna.

Eg hadde ikkje brukt høyreapparata mine på lenge, men ville ta dei på i dag. Dessverre var dei ikkje oppladda, så eg fekk ikkje med meg alt som vart sagt. Der var mange som heldt tale, nokon korte ag andre lengre. Vi fekk også kjøpt kake og kaffi. Margrete og eg fekk kvart sitt store kakestykke, dei andre stod over.


Ein gammal tradisjon ,er å ete kinamat etter møtet,  i dag var kinarestauranten open og vi fekk nydelig mat. Margrete og eg greidde ein bra porsjon enda vi hadde ete kake, men så vart eg i grunnen litt FOR mett, og det skjer ikkje så ofte. Eg gjekk bort til ferja i lag med Margrete for å få LITT mosjon. Svein vart att i Volda for han skulle jobbe, han var ikkje på Kina-restauranten heller. Det eg likar så godt i Volda er å gå på gangvegen som ligg heilt nede ved sjøen og båtane.


I dag fyller søskenbarnet mitt, Kjell,  som bur i Stryn, 80år, Han er den yngste av dei fire barnebarna til mormora og morfaren min, og alle fire er i live. Det er 3 gutar og eg.


Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24: 3.mai

 Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 20 grader. Det har vore ein strålande dag, med sol frå klar himmel. Eg har vore her åleine heile d...