lørdag, april 30, 2022

Dagbok 2022: 30. april.


Klokka er no 17.57, temperaturen er + 11 grader C, og det er lettskya og fint. I går kjøpte eg ein "pakke" med stemors på Kiwi , som eg har planta i dag. Håper dei skal vekse og trivast og fylle ut i "forma". 

I dag tidleg då eg stod opp var eg så låk i venstre foten og hofta at eg nesten ikkje kunne gå. Eg har funne ut at eg blir slik når eg sit lenge i stolen min og strikkar, så eg skulle ikkje gjere det i dag. Men etter frokost ville eg ta nokre "runder" på genseren som eg rekte opp i går. Eg blei sittande til eg var komen nesten dit eg var i går, men då måtte eg ta pause. Marit bad meg opp klokka 15, etter at eg hadde ete litt middag, og så drakk vi kaffi der oppe.  Kl.17 gjekk eg ned att, for eg skulle ned og fylle bensin, må vere trygg for at eg har nok på tanken, for eg har tenkt å køyre til Volda i morgon. Har avtalt med Margrete, dei skal også dit. Det er ein gammal tradisjon.
Foten min kjem seg når eg går, men sidan eg ikkje har så mykje anna å gjere, blir det vel at eg strikkar i kveld også.
Før i dag har det vore kaldt, så eg har ikkje hatt lyst å gjere noko ute, og no lid det så langt at der er for seint å starte opp.
Om naboane veit vi ikkje anna enn at dei ikkje er heime, og eine bilen er vekk.
I morgon fyller Kjell Skåden 80 år, Lise blir 70 den 6.mai. Bodil har ordna med blomster frå oss begge, og eg har vippsa. Dei har feira dagane litt på førehand, på Josy-buda på Kalvatn.
Lise har vore litt elendig ei stund, ho har hatt korona. Her får vi no tilbod om 4.dosen vaksine og Marit skal bestille til seg sjølv og meg. Ein får ikkje vaksinen om ein ikkje bestiller på førehand. Komande onsdag skal vi på kino og sjå Downton Abbey og drikke "afternoon tea". Det har vi gjort ein gong før, då den førre filmen gjekk- og det var artig.
Det vart så fint no og eg er kledd for å vere ute, så eg går kanskje ein tur. Oppe i hovudet mitt har det vore sundag i dag. Det slapp eg laurdag for ei veke sidan, for då var eg til synskontroll.
I morgon må eg hugse flagget. Nils brukte somme tider å henge det ut før vi la oss kvelden før 1.mai.  Dermed var flagget oppe lenge før vi.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...