onsdag, april 06, 2022

Dagbok 2022: 6.april


 Då eg stod oppi 8-tida i dag, var ikkje sola komen hit, men den skein i Vik og andre stader, hit kom ho litt seinare. Det såg ut til at vi skulle få ein strålande dag. Og kva gjer eg då? Jau, eg bestemmer meg for å rense alle heildekkingsteppa som eg har, for på ein slik dag kan ein opne dørene ut og lufte etter kvart. Det er eigentleg ein stor jobb, og eg brukte heile føremiddagen fram mot klokka 14, før eg vart ferdig. Då hadde eg tatt teppet i stova og i gangane. Eg har prøvd å finne ut kva tid vi fekk nytt teppe på stova, eg meiner det var siste året Solveig gjekk på vidaregåande, så det er nokre år sidan. Eg kunne hatt lyst å kjøpe meg nytt teppegolv, men så veit eg at dei som ev. skal overta huset mitt, dei vil ikkje ha det. Dei som kjøper gamle hus her, dei kastar ut alt innvendig og kjøper nytt, derfor er det ingen vits for meg å pusse opp verken her eller der.

Det er lenge sidan sist eg rensa teppa, eg er her stort sett åleine så det blir ikkje så fort skite. Men altså før jul i 2018 skulle eg rense teppet. Eg hadde så vidt begynt då eg fekk frykteleg vondt i høgre foten, nesten verre enn eg hadde hatt det i venstre forten før. Det kjendest ut som om der slitna ein muskel e.l. Så eg ringde til legesenteret og skulle få komme på øyeblikkelig hjelp, så var det taxi ned dit. Dei undersøkte foten , og der var ikkje noko som hadde slitna, så fekk eg fare heim att og rense ferdig teppa enda eg knapt kunne gå. Eg fekk lenge problem med kneet, på røntgen fann dei ingen ting, men på CT såg dei at der var cyster som det hadde gått hol på. Det var vel det som hadde skjedd med venstre kneet våren samme år. Det er desse knea mine som gjer at eg går på trening, og det har hjelpt godt, no går eg uten å ha vondt-men det tok si tid.

Tepperensmaskina har eg kjøpt på nett frå Sverige, og den er heilt grei. Før eg kjøpte den, måtte vi leige maskin på timebasis. Rensemiddelet eg brukar kostar no 500 kr for ei "flaske". Men det er godt alt som er gjort inne før eg skal til med hagearbeidet. Før eg sette vekk maskina tok eg ein tørn i kjellaren og rensa teppa i gangen og vaskekjellaren,  

I dag var det så mykje snø på tunet at eg orka ikkje å moke. I morgon er det Marit som skal køyre på trening, så snøen får berre ligge. I dagboka mi frå i fjor las eg at Marit og eg hadde tatt Taxi til treninga den 6.april fordi det var så mykje snø-og eg hugsar at eg vaspa i snø til over knea. Så det vi opplever no er ikkje så sjelden.

Til middag i dag hadde eg restar frå i går, så det var lettvint. No er det så fint ute, sola har skine i heile dag og skin enno, så enten må eg gå ein tur eller så må eg sette meg ut på altanen.


Klokka er no 16.17, temperaturen ute er + 8 grader C og på PC-en står det:

 " For det meste sol."

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...