tirsdag, april 05, 2022

Dagbok 2022: 5.april


Klokka er no16.10, og det er kanskje i tidlegaste laget å oppsunmmere dagen. Ute lavar snøen ned time etter time. I dag måtte eg ut og moke tunet før eg skulle på trening, oppe mot vegen var ikkje mykje snø, men meir til lenger ned ein kom. Men eg kom meg no på trening i god tid. Marit skulle til legen i dag så ho vart ikkje med.

I går kveld fekk eg melding om at der var brev til meg på Helsenorge. Eg venta ikkje noko brev frå legen, så eg forstod ikkje kva det kunne vere, men eg gjekk no inn på Helsenorge - og der stod det øvst på sida at ein måtte sjekke om det var svindel. Eg hadde vore på kurs før på dagen så eg frykta at det var noko gale. Eg sette bildet av skjermen inn på FB og bad om hjelp-og der kom Gunda og ho er jurist. Ho sa at det var på telefonen det var størst sjanse for svindel, så eg kunne berre gå inn på Helsenorge, og der fann eg eit Frikort-verre var det ikkje. Eg tok eit bilde av frikortet, så eg fekk betalt det eg skulle hos fysioterapeuten i dag, så no trener eg gratis resten av året.

I dag køyrde eg rett heim etter treninga og tenkte eg skulle få gjort mykje i dag, ettermiddagen var lang. Men først måtte eg sjå litt nyheiter og så serien min, og så måtte eg ha litt kaffi etc.etc. Det vart ikkje mykje gjort.

Eg fekk ein telefon, eg plar ikkje ta telefonen viss der ikkje kjem opp namn, men der stod i alle fall Oslo og då kunne det vere Ingeborg. Det var det ikkje, men det var ein mann frå SOS barnebyer, som eg har støtta heilt sidan mamma døde. Det høyrdest ut som mannen ikkje var heilt ung, for han snakka greitt og roleg og sa ikkje Olaug meir enn to gonger. Det var barna ifrå Ukraina han trong litt eksta pengar til, og eg gjekk med på ein fast sum på 200 kr mnd. Eg kjem vel til å betale det er plar i tillegg. Så no har eg tre organisasjonar som får pengar med meg kvar mnd- : Flyktninghjelpen, Luftambulanse og SOS barnebyer. Ingen får store beløp-men mange bekker små osv.

Eg laga meg suppemiddag i dag og så hadde eg frose ned riskrem som eg tok opp att i dag. Då var vi komne langt på dag og eg hadde enno ikkje funne ut kva eg skulle gjere. (Eg har m.a. nokre skuffer og skap som skulle ha vore rydda) Men det einaste eg hadde energi til i dag, var å pynte til påske. Så no er det gule kyllingar i kvar ei krå. For å seie det på ein pen måte, så er eg ikkje av dei som pyntar mest-og ikkje er eg så flink heller. Eg lengtar ut i hagen , til å rake og spade og klippe etc. Det er slikt arbeid eg likar. No såg eg litt blå himmel, så kanskje det sluttar å snø? Men på PC-skjermen står det: Regn/snø.

Idag fyller oldebarnet, Amund to år. Han skal feirast på Hareid komande laurdag. No skin sola inn glaset her, så då får eg vel litt meir energi. I morgon har eg heimedag sidan vi er ferdige med vårsemesteret i spanskgruppa.

No var eg ute og sjekka tempen og no var det + 5 grader.

Akkurat no

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 15.mai

  Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 25 grader og sola skin. Det har ho gjort heile dagen, og eg rekna med at det vart varmt etter kv...