fredag, april 01, 2022

Dagbok 2022: 1. april

                                         42 trinn opp -non stop
 

Klokka er no 17.30, temperaturen i skyggen på trappa er +7 grader, det er nydeleg solog det har vi hatt i heile dag. Det er fint vêr , men det er nattekaldt, så den siste snøen som kom ligg der enno, i alle fall der sola ikkje kjem til-

Dagen i dag har gått fort unna. Etter frokosten såg eg ein episode av serien min, før eg tok fredagsvasken. Då eg var ferdig med den, kledde eg meg om og køyrde bort i Furene for å kjøpe komfyr og tørketrommel. Trommelen hadde eg tenkt å vente med til hausten, men sidan eg måtte få komfyren levert på døra kunne det vere greitt å få trommelen med det samme. Men så enkelt var det ikkje, viss eg skulle ha to ting levert, så måtte eg betale dobbelt, så då kjøpte eg ikkje trommel i dag. Det er BRING som bringar varene og for å få komfyren hit, kosta det 699 kr. 

Etter at eg hadde vore på EL-kjøp stakk eg innom Coop, der var det mykje folk og mykje varer, dei har større utval enn nokon av dei andre matbutikkane. Eg skulle i grunnen ikkje ha noko, men eg fann no diverse å kjøpe uansett. Eg brukar å kjøpe spekesild der borte, for den er god, men i dag vart det kryddersild frå samme levrandør. Marit var ikkje med og stoppa meg, så i dag fekk eg viljen min.

Då eg kom heim sat Marit og passa Arya (Hunden til Janne) og eg sette meg opp på benken til henne og prata ei stund før eg for heim og laga meg salat med Apetinaost, som eg hadde kjøpt på Coop. 

Det var altfor fint til å sette seg til inne, så eg tok ein runde på Vernet i dag. Foten min var ganske bra, og vart ikkje så mykje verre av turen. Og alltid når eg er der oppe må eg ta bilde og få med dei kvite Dalsfjordfjella


 Her kan vi sjå nesten heile Starevegen frå Vernet. I dag var det mykje kaldare på Vernet eller det var i Starevegen. 

Det er best å nyte sola i dag, for dette veret varer vel ikkje så lenge. Krokusane som blomstra så fint tolte ikkje snøen som kom, men no poppar det opp med nye krokus på plenen, snart her og snart der.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 6.mai

Klokka er no 17.24, og eg har avslutta dagens arbeid, trur eg. Eg veit ikkje kor lang arbeidsdag ein kan rekne med når ein er 84 . Temperatu...