onsdag, mars 09, 2022

Dagbok 2022: 9.mars



                                             Opp Storebakken i dag

 Klokka er no 17.07 , temperaturen ute er + 11 grader og sola skin som ho har gjort i heile dag. Berre synd at det er så mykje snø i hagen at ein ikkje kan få gjort noko der. Men vi kan no nyte sola både inne og ute. Til dømes kan ein slå av varmepumpa og late sola varme opp. Det er eit stort + i desse  dyr-.straum-tider.

I dag var det spanskkurs, men Eli var i Ålesund, så ho hadde sendt Terje til å vikariere. Han er ikkje så flink som henne i spansk, men han er flink i grammatikk, så det var mest det vi hadde i dag. Vi var berre 6 elevar i dag.. Men vi hadde det kjekt. 

På heimvegen køyrde eg bortom Askjelhaugen for å sjå korleis det stod til der. Men der var det for mykje snø til å gjere noko som helst.


Då eg kom heim att tok eg like godt og gjekk ein tur før eg kledde meg om. Det var nydeleg å vere ute i sola, men eg gjekk ikkje på Vernet i dag.

Middagsmat vart det ikkje på meg i dag for det leid såpass langt på dag at eg ikkje gad å lage noko, så det vart berre brødskiver i dag. Prøvde å sette meg ut på altanen  med kaffikoppen, men det vart for kaldt.

Så sette eg meg til å strikka, og strikka ein heil omgang før eg såg at eg hadde forskyve mønsteret ei maske, så det var berre å ta opp att dei over 400 maskene. Utan å bli altfor sur. Eg har no berre meg sjølv å takke. Eg trur eg er blitt for gammal til såpass utfordrande arbeid.

I dag tidleg fekk eg i alle fall ut bosset før det var for seint og så fekk eg bestilt tid for EU-kontroll av bilen til den 17.mars. Så heilt hjelpelaus er eg ikkje. I morgon skal Marit og eg på trening igjen. Men så er eg fri resten av veka.

Eg tok nokre bilde frå altanen som viser om lag kor mykje snø vi har på tining. Det går ikkje fort , for det frys til att om natta.





Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...