søndag, mars 27, 2022

Dagbok 2022: 27.mars


 Klokka er no 18.04,temperaturen ute er +10 grader C. Det har vore opplett i heile dag, trur eg, og ei stund skein sola. I dag greidde eg å ligge i ro til klokka var nesten 9, så det hjelper med sommartid. (Eg legg meg ikkje tidleg).

Eg har vore litt lat i det siste, men håper eg får arbeidslyst igjen. I dag hadde eg ikkje planlagt noko, så eg vart sittande å strikke og sjå TV . Etter kvart fann eg ut at eg skulle lage kjøttkaker av deigen eg hadde kjøpt, så no har eg enda meir mat i frysaren.

Bodil ringde og vi hadde ein lang prat, eg håper eg skal komme meg ein tur til Eid snart, for det er så altfor lenge sidan eg var der sist. Svein er no åt og tenkjer på at han skal skifte dekk på bilen min, men Bodil og eg meiner han må få ifrå seg nokre legetimar først.

Då det leid på dag vart det brått så fint ver og sol ute, så då heiv eg meg rundt og gjekk ein tur på Vernet, men eg måtte ha dei gamle støvlettane for å få plass til den vonde foten.

Innimellom øver eg på spansk-leksa. Det er siste timen før ferien no onsdag. Lærdommen går ikkje så lett inn no som då eg var ung, men eg tek det som hjernetrim.

Då eg kom heim att frå turen min låg her melding om at steikomnen på komfyren i kjellaren  ikkje virka, så no må eg snakke med Helge igjen, han har fått fred lenge no. Eg tenkjer på det at eg trur det går mykje i pizza og då må ein ha steikomn. Det er ikkje berre netto når ein leiger ut, men det er første gongen det har vore noko med desse leigebuarane.

I morgon er det heimedag, så det går an for representantar for "storfamilien" å komme på besøk, men eg vil gjerne vite det på førehand. Feiring er utsett til påske-det er no ikkje så lenge til I dag sette eg på ein klesvask og då eg såg brødmaskina, som står i kjellaren, kom eg på at den skulle eg tatt fram då Margrete var her. Eg har det med å gløyme, men eg har i alle fall hugsa å vatne hortensiaen til naboen, så den lever i beste velgåande. 

Marit ville ha meg med på hornmusikk-konsert i dag. Eg var der ein gong før og det var kjekt, men akkurat i dag hadde eg ikkje lyst. Marit skulle gå i lag med ei anna dame også, så ho vart ikkje åleine.

No må eg sende ei melding til Helge-håper han kan ta på seg å sjå på kkomfyren, men kan den ikkje reparerast, må eg kjøpe ny. Verre er det ikkje.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...