mandag, mars 14, 2022

Dagbok 2022: 14.mars


 Klokka er no 17.55, temperaturen ute er + 9 grader, tidlegare i dag var den oppe i +14. Det har vore fint ver, og sol det meste av dagen. Men eg veit ikkje om eg har utnytta dagen så godt- Når eg ikkje har planlagt skikkeleg, blir det ofte opp i tull.

Det første eg gjorde i dag var å feste trådar på strikketøyet mitt-mens eg høyrde om krigen-på TV. Eg vart nesten ferdig, har berre att å sy fast halskanten på genseren-den skal vere dobbel. Eg prøvde genseren i går, men var ikkje heilt nøgd med fasongen-verken på genseren eller meg sjølv. Men når eg får vaska den  etc. kan den bli bra.

Men eg måtte ut i sola, og der dreiv eg på ei stund med å spade og rake i snøen , slik at den skulle smelte fortare. Solveig i nabohuset dreiv på med det samme, så vi tok oss tid til å prate litt. Eg var nedom huset og der stod krokusen i full blomst- og likedan snøklokkene. Eg må ta meg saman å komme meg på VØR ein av dagane med alle sekkane med hageavfall som eg har ståande her og der. 

Eg sjekka at hageslagen var tina opp, så eg fekk spyle kjøkkenvindua, og litt seinare vaska eg bilen og spylte den rein. Den må vere litt velstelt til den skal på EU-kontrollen torsdag.

Det vart etter kvart veldig fint og varmt, så eg sette meg opp til Marit på benken i solveggen, Dermed var det brått tid for å lage middag og i dag vart det grønnsaksuppe. Eg har sakna flatbrød ei stund. Eg hadde ein pakke med "Mors hjemmebakte", men dei var så gamle at fuglane fekk dei. Det er altfor store pakkar når ein er åleine. Så sist eg var på butikken, såg eg etter mindre pakkar med flatbrød og kom heim att med KORNI-ein sort som eg hugsar var mykje brukt for lenge sidan. Eg smakte på dei i dag, men vart ikkje så begeistra.

Etter middag slappa eg av med kaffikopp, som vanleg, og sette på serien min, og der var det noko som var så spennande at eg blei sittande å sjå - lenger enn eg hadde tenkt.

I dag har eg ikkje gått tur, eg har litt problem med venstre hofta og ville sjå om det vart betre om eg heldt meg i ro.

I morgon er det trening igjen, så i kveld må vekkerklokka på igjen.





Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...