lørdag, februar 26, 2022

Dagbok 2022: 26.februar

 

Klokka er no 19.15, temperaturen ute er +6 grader C, og det er litt vind,med andre ord heilt perfekt vêr for snøsmelting

Avtalen i dag var at Margrete skulle hente meg cakl.13, og så skulle vi fare i lag til Hareid. Eg brukte litt av føremiddagen til å spade snø frå altanen, men no kan det hende eg slepp å spade så mykje meir.

Margrete og Erlend henta meg som avtalt, og vi hadde ein fin tur. Så snart vi var gjennom tunnelen så var det vår og nesten snøfrie bakkar på Eiksund. På Hareid var det litt meir snø, men langt ifrå så mykje som her. Ikkje ein gong på hi sida av fjorden er det så mykje snø som her på Vallabøen.

Solveig hadde laga mykje spennande mat, det var spansk tapas  med kylling, kjøttbollar, salat, spekemat, potetkløfter og mykje anna. Veldig kjekt å få smake noko som var nytt for meg. Til kaffien  ei stund seinare fekk vi gode kaker, Solveig hadde laga Pavlova, Margrete  ostekake og eg hadde med gulrotkake. Det vart nesten for mykje av det gode. Alle tre gutane til Solveig var der og Håkon hadde med seg Amund. Amund er blitt ganske flink å snakke og han kan namna på heile storfamilien. Til og med namnet mitt kunne han, enda det ikkje er så ofte han ser meg.

Audun har scanna alle bilda som eg har i albuma mine- og det er ikkje få. No kan heile storfamilien finne bilde  frå forgangne tider. Vi er han stor takk skuldig for det var ein kjempejobb. Det var ca. 20 album og han hadde brukt ca. 1 time på kvart.

Nesten kvar laurdag har eg sundagskjensle, slik også i dag. No er det vel dagsnytt på TV-men det er det stort sett heile tida. Eg orkar nesten ikkje å sjå på all elendigheita. Her har vi sytt og klaga over Koronaen og straumprisane- men så blir det krig! Det forventa vel ingen av oss. Greitt nok at det ikkje er krig i vårt land, men den er heller ikkje så langt borte, og den angår oss alle på ein eller annan måte. Vi ønsker vel alle at det skal vere FRED PÅ JORD.                            


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...