fredag, februar 18, 2022

Dagbok 2022: 18.februar


 Klokka er no15.45, det er lettskya og opphaldsvêr akkurat no, men vi har også hatt snøbyer i dag - og full sol ei lita stund. Det er med meg som med vesle lerka at når eg ser sola, så trur eg på vår med ein einaste gong.

Det hadde kome litt snø sist natt og det snødde på føremiddagen. Men eg venta med mokinga til eg hadde tatt fredagsvasken. Eg moka ikkje så fint, men tok vekk det meste, såpass det skal gå an å køyre ned på tunet. Leigebuerane kom ut og moka på samme tid.

Eg vart tidleg ferdig med pliktene mine i dag, så eg fekk lese litt i avisa før eg åt eit måltid som skulle liksom erstatte middagen..... eg kjenner på at eg har levd litt for godt i vinter, så no må eg bremse. Eg må bli flinkare å mosjonere også.

Eg hadde festa trådane på eit lestepar som vart ferdig i går, dei skulle eg ha sjølv. Eg tok dei på - og dei var varme og gode. Men det var berre venstrefoten som kom seg ned i støvletten, på høgrefoten tok eg ein tynnare lest, det gjekk bra heilt til eg skulle gå nedover Fonnavegen, så turen vart ikkje fullt så lang som eg hadde tenkt. Foten er ikkje vond før han blir klemt ned i sko, men den er litt hoven, det kan eg sjå, men eg har ikke høyrt noko frå røntgen enno. Det er no ei veke sidan eg var der.

Komande veke er det skulefri og treningsfri, men eg skal både på spansk og på pensjonistmøte på onsdag og då går heile dagen. No skal eg slutte i styret, slutte som skrivar, eg er den som har sete lengst av alle i styret til pensjonistlaget-eg håper dei ikkje gjer noko styr ut av det. No skin sola-og eg føler at eg MÅ ut, men det er no ikkje så varmt akkurat, så eg får heller sette meg inn i stova og sjå på dei upussa vindua. 
Det er fredag og eg ønsker alle ei god helg, og god ferie til dei som skal ha det.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...