mandag, januar 03, 2022

Dagbok 2022: 3.januar


 Klokka er no17.38, temperaturen ute er 0 grader C. Først på dagen var det relativt mildt, men så begynte det å snø, no er det opplett og eg håper ikkje det kjem meir snø no, for eg har tenkt meg på trening kl.10 i morgon, og har ikkje lyst å moke før den tid.

I dag har eg vore litt meir aktiv enn dagane før. Eg lurte på å ta ut julepynten, men så hadde eg no lyst å ha den litt til, så det vart til at eg tok bort den store raude duken, tok klaffen ut av bordet og la på ein annan duk,resten av julepynten har eg enno.

Eg har skifta på senga og køyrt to stappfulle maskiner, no har eg gått over til tørkeprosessen, og då går no kvelden med. Eg gjorde skikkeleg rein microbølgeomnen, og den virkar bra. Men eg må finn bruksanvisninga og sjekke, meiner Rasmus. Får no sjå om eg har den. Eg har ei heil skuffe med bruksanvisningar, men for ei tid sidan rydda eg vekk mykje av det, så det spørs kva som er att.

Til middag i dag vart det nesten det samme som i går. Spekepølse i tynne skiver, men i dag kokte eg poteter til. Og desserten vart riskrem. Av fløte som var ute på dato+ graut frå i går. Desse middagsmåltida mine har ein viss samanheng frå dag til dag.

Etter middag sette eg meg til å strikke og sjå serie på TV. Men så tok eg meg saman etter ei stund og gjekk ut og moka snø. Det er min tur å køyre på trening i morgon, så no håper eg ikkje det kjem meir snø i kveld/natt, for eg er ikkje så gira på å moke tidleg på dag.No i dag var det greitt for det var ikkje så mykje som hadde kome. I dag har eg ikkje gått tur, men eg har gått mange gonger opp og ned kjellartrappa+ moka snø, så eg får seie at eg har fått LITT mosjon i alle fall.

I morgon etter treninga skal vi sikkert handle litt. Eg skulle ha vore på apoteket og kjøpt kalktablettar om ikkje anna. Eg tek to kalktablettar kvar dag-etter ordre frå legen. Ein boks med 60 tablettar kostar ca. 200 kr, så heilt gratis er det ikkje. "For skjelett og tenner" står det på boksen. Eg et tablettane som kaffisukker til morgonkaffien. No får eg strikke litt og sjå TV mens kleda surrar rundt i tørketrommelen.

Faren til Wenche fyller år i dag, no er han blitt 88 år. Og har ber alderen godt. 

Det er dessutan Solveig sin halvtårsdag, og Rasmus sin dåpsdag. Han vart døypt på Raudeberg på1 1/2 årsdagen til Solveig. Mimi og Rolf var fadrar. Mamma var heime og laga middag og passa Solveig mens vi var i kyrkja. Inga stor feiring med andre ord. Då Solveig vart døypt var det berre Mamma og Svein som var der i tillegg til Nils og meg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...