søndag, januar 02, 2022

Dagbok 2022: 2.januar

                       Ikkje like fint alle dagar. Dette er frå toppen opå Storebakken.

Klokka er no 17.25, temperaturen ute er+ 4-5 grader C, og det har regna så smått heile dagen. Vegane er nesten berre , men litt is ligg att, og mykje sand.

Då eg vakna i dag verkte eg i rygg og hofter, det er alltid verst i vått vêr. Eg hafdde ikkje sove så godt heller, men kom meg no opp. Hadde ikkje planlagt å gjere noko i dag, så det vart liyy TV, litt bok og litt strikketøy. Eg hadde kjøpt inn rikeleg melk til jul og brukt nesten ingen ting av den, så i dag måtte eg koke graut fann eg ut. Etter tre dagar med ertersuppe passa det braDå grauten var så å seie ferdig kledde eg på meg og gjekk ut. Eg tok piggsko på meg i dag også for sikkerheits skuld. Eg har ei runde eg går som regel, når eg ikkje går på Vernet. Eg startar med å gå opp Storebakken- Det  vart ingen lang tur i  ldag -men eg kom meg no ut. Då eg km heim att spadde eg vekk snø attmed ryggebuska mi så pass eg fekk ta inn kulelysa som var meir og mindre under snøen. Då eg la dei inn på golvet lyste dei.

Dørkransen heng der enno og i år har eg ikkje bytta batteri av den enkle grunn at dei har stått på "Timer" og lyst berre nokre timar for dag.

Så vart det middag i 15-tida, som vanleg .I tillegg til grauten hadde eg spekepølse som eg fekk at Solveig til jul. Det blei eit godt måltid og eg vart så mett og søvnig at eg sette på TV og halvsov ei god stund. Det med halvsoving er noko nytt for meg, eg er ikkje vaken-men hellerikkje søv vanleg tungt. Men eg blir faktisk mykje meir våken og opplagt etterpå. No skal eg koke meg litt god kaffi, men kake-etinga må det bli slutt på no. Det kjende eg då eg tok på meg ei bukse med belte på i dag.

Dette vart no berre noko pjatt, men eg har ikkje opplevd så mykje spennande i dag.

Eg er glad for at snøen smeltar på tunet så eg kjem meg ut med bilen viss eg vil. Tysdag er det trening igjen.



 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...