lørdag, januar 01, 2022

Dagbok 2022: 1.januar


                                     Godt nytt år 2022

På denne første dagen i året er vi no komne til klokka 16.30- Ute har det gått frå minusgrader til 2+ i dag. Det har visst vore opplett, men eg har ikkje vore så mykje ute i dag. Heile føremiddagen heldt eg meg inne, såg TV og strikka for det meste. Og fyrte i omnen. Var lettare fortvila fordi eg var tom for ved, så eg sende bod til Marit om at eg var lens.Der oppe tykte dei det var litt rart for Even hadde vore her med 5 sekker på lille julafta. Eg syntest også at det var rart, for eg trudde ikkje eg hadde fyrt SÅ mykje. Då kom det etter kvart for dagen at tre av sekkane stod framom bilen, så eg hadde ikkje sette dei, og så hadde Even vore ned med enda ein sekk i dag.Så no kan eg fyre!

Klokka 14-16 var eg oppe hos Marit og drakk kaffi og prata.Vi har ikkje snakka med kvarandre på fleire dagar-anna enn på Messenger.  Dei skulle ha middagsgjestar kl. 16, så vi tilpassa oss. No er eg heime att og lurer på om eg skal ete siste resten av suppa eller lage meg noko anna. Eg har rikeleg mat i hus, så det er ikkje noko problem- Og i dag har eg tatt på meg ull "stil-longs" for å halde heten. Trur det var lurt. Eg held på med andre lesteparet etter jul, Margrete fekk med seg det første. Oppdaga at der var eit nett som skulle ha vore med til Hareid-med eit par kvite lester.

Så håper eg det blir kjekke TV-program utover kvelden.No skal eg blade fram til første sida i 5-års-dagboka mi, så kan eg samanlikne kvar dag med fjor-årets.

Ønsker alle det beste for det nye året ! 


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...