fredag, desember 31, 2021


Klokka er no ca. 15.00 , temperaturen ute er + 1 grad og snøen lavar ned. Ikkje akkurat det vêret eg ville valt på årets siste dag. Eg er heime åleine i dag og har nettopp sete og lese Møre-Nytt "frå perm til perm"- Det meste handla om nyttårsorkanen for 30 år sidan. Tretti år? Så lenge sidan-ja, tida flyg. Eg opplevde ikkje stormen; då eg vakna nyttårsdagen var det stilt-det ergra meg litt at eg ikkje fekk sjå og føle vinden.

No er 2021 også historie. For meg har det vore eit godt år, eg har fått vore frisk og eg har hatt mange gode opplevingar. Det største var vel at eg fekk kome tilbake til Solund, til naturen der og folka. Det var Margrete som ordna ut slik at eg berre kunne sette meg i bilen -eg måtte pakke min eigen koffert, elles var alt i boks. Eg hadde kjempefine dagar der ute,i lag med Margrete og barna hennar-og så dukka også Rasmus opp med heile familien.

Eg har vore veldig stadbunden heilt sidan Nils vart sjuk og åra etterpå. Dette året fekk eg også fare til Kongsberg, til Rasmus og familien, det var "mellombror" Vebjørn som var konfirmant. Det var også ein fin TUR i  bilen med Øystein og Solveig. Det var 7 år sidan eg hadde vore i Kongsberg.Eg kjem ikkje så langt for eigen maskin-eller eigen bil. Det blir toppen ein Voldatur.

Då Norge, litt for optimistisk, opna opp etter corona-tida var eg på tur med pensjonistlaget, det var berre ein dagstur, men kjekt for det.

Elles trivst eg godt heime også, når ein har hus og hage er det alltid noko å henge fingrane i, særleg om sommaren når ein skal prøve å halde hagen i orden. Då hausten kom,var det på igjen med trening, spanskkurs og pensjonistlag. Eg hadde tenkt å slutte som sekretær i Pensjonistlaget etter 10 år, men på grunn av Koronaen vart det 11 år- så langt.

Eg er heldig med at "jentene" ikkje bur så langt borte, så eg få no besøk av og til, både av dei og av barnebarna. Heldigvis er det ingen i heile storfamilien som har blitt smitta av corona. Og no er alle vaksinerte, eg og Rasmus har fått 3.sprøyta.

I dag er eg åleine heime, og det er heilt i orden, eg har mykje å fylle tida med. I dag har eg støvsuga teppegolva mine og shina opp kjøkkenet. Til middag varma eg opp suppe frå i går, og så vart det kaffi og kaker til dessert. I fjor laga eg ribbe til meg sjølv, men i år bryr eg meg ikkje om det. Eg vil heller sjå TV, lese i boka mi, og strikke - til dømes. Det er alltid nok å finne på. Eg kjeder meg aldri. men eg håper på at viss det skal vere rakettoppskyting så bør det ikkje vare heile kvelden.

Då vil eg takke dei som les dette for kontakten vi har hatt dette året. og så vil eg ønske at vi får eit

GODT NYTT ÅR 2022




Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...