tirsdag, januar 04, 2022

Dagbok 2022: 4.januar

 


Klokka er no 16. 55, temperaturen ute er så vidt under 0,i dag morgon var det +2 grader.

I dag skulle vi begynne på trening igjen, Marit og eg. Eg var redd for å forsove meg, men eg hadde no vekkerklokka på. Eg hadde problem med å sovne og låg stort sett og kava heile natta, men eg kom meg opp i tide og tunet var moka , så det ar ingen problem med å komme seg av stad. 

Etter treninga var vi både på ALTI og på Spar og handla, så kokka var over 12 før vi kom heim. Eg fekk gjort litt husarbeid før middag. Tok vekk litt av julepynten, men det meste står att.. Klokka 15 ca. var det middag og i dag skulle eg ha julepølse med surkål og poteter- Eg må ete av det eg handla inn til jul. Eg trudde eg hadde kjøpt ein krull med kvit pølse, det som vert kalla julepølse -men det var heilt alminneleg middagspølse. Men det var no OK. Til dessert hadde eg resten av riskremen frå i går. Det tek vel ei tid før eg kjem tilbake til min vanlege skrinne kost.

Eg vart godt mett og sette meg inn i godstolen for å sjå litt TV mens eg drakk kaffi. Men då kom trøttheita sigande og  det eg såg på TV, må eg nok sjå om att. Slik har eg brukt opp denne dagen også, snart. Men eg har no i alle fall fullført sudokuen som eg måtte legge frå meg i går kveld. I dag løyste eg resten på ein augneblink.

Eg hadde tenkt å sjå etter kalenderar i dag, men det gløymde eg. Før i tida fekk vi kalender på alle butikkar, men i dag var der ikkje ei einaste å sjå, Så no får eg greie meg med kalenderen frå VØR inntil vidare. Her ser eg i alle fall kva tid påska kjem i år.



Eg måtte ta ein liten klesvask i dag også, men så må eg samle til eg har full maskin igjen.I dag kjøpte eg JAM, så det kanhende eg kokar plommesylte i løpet av veka, så får eg betre plass i frysaren også. For morgondagen har eg ikkje så mykje planer-enno i alle fall. Mykje kjem an på vêr og-føreforhold.


Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...