tirsdag, november 09, 2021

Dagbok 2021: 9.november

Det var så kaldt, men no har temperaturen stige til + 10 grader. Det er opplett ute no og det blæs. Eg har nettopp vore ein liten snartur på Vernet. Tidlegare i dag har eg vore på trening, på butikk og så har eg kokt plommesylte og laga middag. Har lurt meg til å sjå litt serie innimellom, har funne ein historisk serie på NRK TV som kan bli bra. Dei ringde frå sjukehuset i Volda for nokre dagar sidan og sa at eg hadde fått time på sjukehuset komande fredag. I dag fekk eg ein konvolutt frå sjukehuset med mykje papir som skal fyllast ut. Det er "BEINMARGS-undersøkelse" eg skal ha, og legen eg skal til er dottera til nokre naboar lenger ute i gata. Eg trudde det var berre ein bagatell, men her blir det full rulle. Eg kan ikkje seie at eg gleder meg, men eg står det no over. Trur eg. Det viktigaste er at dei ikkje finn noko som er altfor skummelt. Kan ikkje forstå at eg skal feile noko, eg som er så frisk.



 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...