mandag, november 08, 2021

Dagbok 2021: 8.november


 Klokka er no 17.25, temperaturen er + 5 grader, så eg trur det har skya over, for det var kaldare før i dag. Sov godt sist natt og stod opp i skikkeleg tid. I dag hadde eg ein plan, eg skulle ta fram kjøleskapet og vaske både over, under og på sidene der det står. Problemet er å drage det fram, men eg greidde det ved å ha ei papp-plate til hjelp. Ja, eg har no gjort det før også. Då eg var ferdig, tenkte eg at eg like godt kunne vaske ned heile kjøkkenet. Og det gjorde eg, på ein relativt lettvint måte, tak vegger, vindu etc. Eg vaska ikkje skuffer og skap innvendig, det er slikt som eg plar gjere etter behov. Klokka vart 13.15 før eg kom meg ut på tur. Sola var framme , men ikkje så varm som i går. Eg brukte nesten ein time på turen, for eg sat litt og sola meg på nesten alle benkane. Eg hadde aldri så lite vondt i knea etter å ha klatra opp og ned i gardintrapp. Til middag i dag vart det berre ein liten omelett, men så hadde eg att riskrem frå i går. Etter middag sette eg meg inn og såg 15-nyheitene ---og 17 nyheitene , mens eg strikka. Og no er det for lengst mørkt. Eg lurte på å pusse sølv i kveld, men det er no lenge til jul.

Det er ein ting eg treng hjelp til, og det er å ta ned alle lampekuplane og tømme dei for fluger og anna rusk. Dette er eg ikkje flink til.

Marit er heilt slått ut av gikt, men ho har tenkt seg i gravferd i morgon. Eg skal ikkje det, så eg fer på trening, kl.10 no ,både tysdag og torsdag. Kanskje eg må ein tur på ALTI også. Det vil tida vise. Eg begynte på ei papirbok i går, les litt på senga kvar kveld; så lenge eg er oppe blir det mest TV- og strikketøy.



                             Serviset hadde godt av ein liten handvask-det skein opp.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 15.mai

  Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 25 grader og sola skin. Det har ho gjort heile dagen, og eg rekna med at det vart varmt etter kv...