Klokka er no 16.20, temperaturen ute er + 3 grader C og vi har hatt ein nydelig dag så langt, med sol frå skyfri himmel. Dvs. vi som bur på solsida har hatt det fint, dei andre har vel hatt det nokså kaldt. Eg vakna klokka halv åtte, men la meg til å sove ein time attpå, så denne gongen virka sovetabletten bra. På trappa var det berre 1 varm grad, men den var nokså kald den også. På stova var det ein god lunk og så varte det ikkje så lenge før sola kom. Vi hadde tenkt oss på Askjelhaugen før middag, først best , tenkte eg, for eg veit at der er sol på føremiddagen. Men for Marit passa det betre litt seinare. Eg felte av ein lest og så gjekk eg like godt på Vernet først best. Der var det heilt nydeleg og sola varma godt. Eg trefte mange eg kjende, mellom anna Arnhild Vartdal som gjekk tur i lag med dei to døtrene til Iris. Mannen hennar skal gravleggast komande tysdag. Det såg ut til at ho var innnforstått med situasjonen, men det var godt å få prate med henne no- i staden for å kondolere lang tid etterpå.
Klokka var om lag 13 då Marit og eg kom oss av garde på gravplassen for å tenne lys på Allehelgensdag. Der var det inga varmande sol, og vi fekk nesten naglebit mens vi styrte på. Eg skifta batteri i lykta og tende to gravlys i tillegg. Håper dei ikkje sloknar før kvelden kjem. På Askjelhaugen trefte vi ei anna dame som nyss har blitt enke. Vi kjenner henne frå pensjonistlaget. Ho hadde vore i kyrkja i dag, for der les dei opp namna på dei som har falle frå siste året. Det gjer dei på Allehelgensdag.
Då eg kom heim laga eg meg middag, hadde leita fram maten før eg for. I dag vart det steikt ørret med grønsaker og poteter, det er ein av livrettane mine. Til dessert vart det....... ja, kva trur de? Eg har ete risraut til middag i to dagar, og i dag vart det riskrem. Eg vart berre så altfor mett fordi eg åt altfor mykje. Eg angra nesten, for det var så vidt eg kom meg inn i godstolen og der vart eg sittande å halvsove med TV-en på.
No er sola borte for i dag, men eg håper på ein ny, fin dag i morgon. Eg har mykje som skulle ha vore gjort både ute og inne, men dagane er så korte no. Eg tek liksom kvelden rett etter middag; det må eg slutte med
I dag er det den 7.november, det var fødselsdagen til Rasmus Trovåg d.e.. Den 14.november var Nils fødd og Rolf kom den 22. Han fyller forresten 80 år i år, men er still going strong. Sprek som ein 50-åring, seier Mimi. Og det trur eg på.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar