Klokka er no16.20, det er opplett og + 3 grader ute, det såg ut til å bli ein fin dag og sola kom fram. Men det varte ikkje så lenge før sola forsvann og det vart råkaldt. Det var mykje eg kunne ha gjort ute, eg orka ikkje å styre på i hagen når det er kaldt og vått, men eg fekk i alle fall klipt ned nokre visne stauder i garasjebeddet.
I går kveld gledde eg meg til å ta tabletten min og sovne med ein gong. Det skjedde berre ikkje. Låg vaken i fleire timar før eg endeleg sovna, og eg var oppe igjen før klokka 8. Det er ikkje så farleg om eg ikkje søv så mykje, eg greier meg godt med lite. Eg hadde så mykje rusk i "stuebosset" at eg kveikte opp i omnen i dag tidleg, og la innpå ved. Eg har varmepumpa på om natta så her er aldri utkaldt. No har eg kveikt opp for andre gong i dag. Eg blir frostig når eg er her åleine og sit mykje i ro.
Eg stressa ikkje med å komme i gang på føremiddagen, men det vart no ikkje så lenge før eg køyrde ned på butikken, med handleliste denne gongen. Eg har mykje mat i huset, men det er alltid noko som manglar. Trefte ikkje kjentfolk på butikken i dag. Eg lossa bilen då eg kom heim, bytte om til Hoka-skor og tok ei runde på Fonnvernet. Trefte ikkje kjentfolk i dag, men møtte ei av naboane litt lengre ute i Starevegen og snakka litt med henne. Marit er opptatt med å passe barn og hund denne helga, for "ungefolket er opptekne, elles hadde vel ho og eg vore på "byen". Men i morgon har vi tenkt oss på gravene og tenne lys. Eg sette batteri i lyset mitt førre helga men no må eg vel sette i nye, og så har eg kjøpt stearin-gravlys. Det lyser litt meir opp ei stund.
Det blir ikkje mykje gjort slike dagar, men eg har i alle fall ein klesvask på gang, og så må eg visst hente inn meir ved. No skal eg først og fremst koke meg litt god kaffi, og strikketøy har eg - no går det i kvite lestar til "tannlegen".Håper alle har det bra.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar