fredag, oktober 22, 2021

Dagbok 2021: 22.oktober

 



Klokka er no 17.00 og det er + 5 grader ute. I dag har det regna i eitt, så eg har ikkje kome meg ut på tur-ikkje enno i alle fall. Eg hadde litt problem med å sovne i natt, men så sov eg nesten til klokka ringde i dagmorgon-det er ikkje ofte. Som vanleg var eg heilt hjelpelaus av gikt(?) dei første fem minutta, men så var eg bra. I dag skulle eg vere hos legen kl.10.40, men eg kjem no aldri inn presis. Eg skulle måle blodtrykket på grunn av at eg har fått nye tablettar, og dei funka fint, for blodtrykket var det ingen ting å utsette på. Eg tok mange blodprøver sist eg var der, og dei viste at eg hadde litt lav senkning og litt lav blodprosent, men det hadde eg hatt lenge. Eg spurde kva det eigentleg hadde å seie. Senkinga kunne vere at eg hadde reumatisme -  og det trur eg på. Blodprosenten har eg ikkje merka noko av. Men det blei tatt nye prøver- så får vi sjå. Eg hadde halvvegs tenkt meg på ALTI men køyrde rett heim att i det ufyselege vêret.

Marit U kom bortom ein tur, det var kjekt å prate litt med henne, vi har ikkje vore så mykje i lag i det siste. Då ho gjekk bort att tok eg fredagsvasken -  litt lettvint i dag. Og så fyrte eg i omnen, det går i plommetregreiner og kvistar, like godt å brenne det opp som å køyre på VØR og tømme. Då eg var der borte i sommar så eg at det var folk som hadde kasta heile bjørkestammar i hagebosset.  Men eg skal no skaffe meg skikkeleg ved snart. Dette veret gjer at det blir hustre og huskaldt.

Så laga eg meg deilig grønnsaksuppe med pølsebitar, laga så mykje at eg har i morgon også. Fann eit stykke med foccacia også som eg varma opp i brødristaren, då blir den ekstra god. Neste steg var å varme litt kaffi og ta fram boka eg begynte på i går. Sette meg i godstolen og skulle lese, men det var fåfengt for augene datt att heile tida, så det var berre å gi seg over og sove nokre minutt.

Eg vil ikkje seie at det har vore ei travel veke, men eg har hatt mange jern i elden og stressa litt. Det var rett før eg lengta tilbake til den rolege (for min del) Koronatida. No er klokka 17.20 og eg synest det er mørkt ute. Neste helg skal vi visst over til normaltid igjen - då blir det vel enda tidlegare mørkt. Ja, no får vi betale for det fine veret sist sommar-men eg ville ikkje ha vore det forutan. No vil eg ønske alle ei GOD HELG

Så skal eg sjå om det går an å ta bilde av grisevêret.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...