torsdag, august 05, 2021

Dagbok 2021: 5.august

Klokka er no 17.40. Temperaturen ute er+ 23 grader og i dag har det vore varmt, for det har vore lite vind.Sist natt sov eg utruleg godt av ein eller annan grunn. Når ein skal på trening 12.30 set ein ikkje igang med store prosjekt. Det eg gjorde var å stryke nokre klede. Eg skulle fylle vatn på strykejernet og gløymde at eg hadde sett støpselet inn, så eg togk eit godt tak i jernet, det var tre fingrar som fekk lide, men eg var lynsnar å komme meg under kaldt vatn, så det gjekk bra. Berre ein av fingrane måtte få eit ørlite plaster. Så vatna eg heile hagen lenge og vel med slangen, det er knusktørt i beda heile tida samr kor eg vatnar.Og så var det tid for dusj, hårvask og klesbyte før treninga. Det var ikkje mange som møtte opp i dag, og vi som var der var nokså halvhjarta, men vi heldt ut. Då eg kom heim år eg resten av fårikålen frå i går. Eg syntest den var litt smaklaus; det var lammekjøtt-eg trur sau er betre til slikt bruk. Etter middagen fekk eg ein lys ide: eg skulle plukke resten av ripsen, og det gjorde eg. Men eg angra på at eg ikkje gjorde det slik som sist, då plukka og renska eg på samme til; no måtte eg renske alt ihop ti slutt-og det var ein kjedelig jobb, men no har eg rikeleg med frosen rips til dessert utover hausten og vinteren. Så gjekk eg ut att og vatna enda ein gong. I morgon tidleg kjem det ein Taxi og hentar Marit og meg og køyrer til Ulsteinvik. Vi betaler ingen ting fordi vi har frikort. Det er eit bra land vi bur i!Så håper eg berre at eg skal klare å bruke høyreapparata slik at eg slepp å spørje om att heite tida. No skal eg ut og hente nmeg litt bringebær som eg skal ha i lag med rips til dessert.
Stikkelsbæra neste?

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...