onsdag, august 04, 2021

Dagbok 2021: 4.august

Huset fekk seg eit ekstra strøk på sørsida i dag, men malinga rakk ikkje heilt bort. Men det er no råd med det. Klokka er 16.45, temperaturen ute er +20 grader, det er lettskya, sol og litt vind. Eg kom nettopp att frå ein tur på Vernet, den tok sin tid i dag, for eg møtte ei som kjende meg og ville prate mykje, først om Bjørg Kragset, som døydde nyleg, og så om mykje anna. Etter kvart kom eg på kven dama var, ho hadde forresten mannen sin med også, han var ikkje fullt så pratsom. Men OK -det er kjekt at folk vil prate med meg, eg har tid til det. I dag har eg hatt eit litt spesielt program. Det første eg gjorde etter at eg var ferdig med morgonrutinane, var å køyre til Vik. Først var eg inn på Spar og handla litt matvarer, så på Alti der eg hadde nokre små ærend.Einar skulle komme ca 11.30 i dag og male hus.Derfor sette eg i gang med å lage ein tidleg middag. I dag hadde eg kjøpt lammekjøtt til fårikål, det er no ein lettvint rett å lage. Den lagar seg nesten sjølv, men poteter og gulrot måtte eg sjølvsagt skrelle. Einar kom som avtalt og malte så lenge han hadde maling, for no vart det tomt i spannet. Øystein skal kjøpe meir maling,og eg ser fram til å få kaste diverse spann og boksar, for garasjen er overfylt med alt slags rot. Einar sette pris på maten, det gjorde sjølvsagt eg også, det er ikkje så ofte eg lagar skikkeleg mat til berre meg sjølv. Då Einar hadde fare ut att og eg hadde rydda opp att kjøkkenet, gjekk eg altså på Vernet. Marit sine gjestar er også reiste, ho har hatt ein fin dag med barnebarn og oldebarn. Veit ikkje om det blir gjort så mykje meir med meg i dag, men eg får pusle litt i hagen. Eg likar å ete bær på direkten, og no kjem reddikane med voldsom fart, tok opp ein som var nesten vaksen i dag. I morgon er det trening 12.30-13.30 -og så blir det kanskje litt handling etterpå.Eg har ikkje tatt bilde på Vernet i dag, så eg får finne eit motiv ute.
Humlene likar godt lavendel. eg har fleire lavendelplantar nedst i hagen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...