tirsdag, august 03, 2021

Dagbok 2021: 3.august


Klokka er no 17.05, temperaturen ute er+ 19 grader og sola skin som aldri før, men vinden kjøler ned. I dag hadde eg klart for meg kva eg skulle gjere, eg skulle køyre på VØR med hageavfall og anna "boss". Der opna det ikkje før klokka 11 i dag, så eg hadde god tid til å førebu meg. 5 små sekker med hageavfall, pluss noko malingspann etc.skulle med. Eg kunne tatt meir også, men eg kan no fare fleire gonger.Eg sikta på å vere der om lag når dei opna,det var berre det at mange andre hadde tenkt samme tanken. Det såg ut som der var koronatesting så mange bilar stod i kø. Frå VØR og ned til Torvmyrvegen. Det såg ut som alle kom med hageavfall. Og der vart vi ståande i motbakkekø aldri så lenge. Nokre få slapp gjennom porten av og til, først når dei første bilane var på veg ned att gjekk det litt fortare. Eg var snar å kvitte meg med bosset mitt, og så køyrde eg rett heim. Då starta eg opp med å vatne hagen, der er knusktørt overalt, så eg let slangen ligge på marka ei stund etter at eg hadde vatna alle bed, tre og busker. Naboane var ute og jobba i hagen, så eg fekk spurt Gudmund om ei teneste. Det eine lysrøret under kjøkkenskapa var defekt, men eg hadde eit nytt på lager, så Gudmund sette det i for meg. Det er litt plundrete å få på plass lysrør akkurat der, men han fekk det til. Det vart så mørkt på kjøkkenet når det lyset ikkje virka, men no er det spesielt lyst over vasken, for det nye røret lyser kvitt, dei andre er meir gule.Sidan det vart treningsfri i dag, tok eg ein runde på Vernet mellom kl.13-og 14. I går gjekk er med sola, men i dag rangsøles som er det eg likar best. Då får eg gå OPP trappa. Det er ei svær steintrapp dei har laga til og den er mykje brukt, eg er der knapt ein einaste gong utan å treffe andre.
I ein av steinane har dei bora eit hol på feil plass slik at det ikkje vart brukt.Ein eller annan kunstnar har blitt inspirert av det.
Middagen i dag vart enkel, ei brødskivemed karbonadekake, is til dessert. Etter middagen la eg meg ut på altanen for å sole meg, men vinden var litt kald. No skal eg ha ein tur ut i hagen for å ete litt bær etc. Marit skal endeleg få treffe oldebarnet sitt. Dei har kome frå England, der dei bur, for å besøke slekta i Norge.Dei kjem hit i morgon. Eg trur eg må ha ein tur på ALTI i morgon, men det er ikkje så kjekt å gå på butikkar no når vi har så mykje smittei Ørsta/Volda, vi som nesten ikkje har hatt smitte før har no godt over 100 som har testa positivt. Men det er vel siste pulja får vi håpe. Elles kan vi no i dag glede oss over Karsten Warholm-ein flott idrettsmann!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...