fredag, august 06, 2021

Dagbok 2021: 6.august

Klokka er no 17.00, temperaturen ute i skyggen er ca +25 grader C , men set kjennest varmare ut. I dag har eg sett vekkerklokka + 8.00, men vakna av meg sjølv to minnutt før. Ville ha god tid når vi skulle ut og farte. Taxien kom som avtalt kl.10.10 og vi var framme i god tid før 11. Preseis 11 fekk vi komme inn til kvar si dame, Marit og eg. Eg fekk høyreapparat til begge øyrene , men fekk så mange lydar inn at eg trudde neppe eg greidde å ha det slik. Ho som rettleidde meg sa at det var ei tilvenningssak, eg måtte berre vere flink å gå med begge apparata så mykje som muleg. Eg har gått med dei heilt til no-i dag, og synest det har gått bra. Prata nettopp med Torbjørn og han sa at han merka at eg høyrde betre, både han og Marit brukar høyreapparat. Vi hadde ein litt morsom sjåfør i dag og ein litt "skranglete" bil, men turen gjekk fint. På heimvegen vart vi ståande på Eiksundbrua fordi ein lastebil hadde kollapsa i tunnelen, i avisa står det at tunnelen vart opna att kl 13.30, men vi var no heime på Vallabøen kl.13.00. Etter at eg hadde bytt om , ete litt og rydda litt gjekk eg ut og plukka resten av solbæra. Det vart vel 1kilo i dag også, så no har eg ein kasserille nesten full. I gamle dagar var oppskrifta på solbærsylte: 1 kilo solbær, 1 liter vatn og 2 kilo sukker. Eg modererte den oppskrifta, slik at det vart mindre vatn og sukker, men no trur eg at eg må sjå meg om etter ei ny oppskrift. No er det berre stikkelsbæra igjen å plukke, og eg har berre ei lita buske. Eg har ikkje vatna i dag, ikkje enno, det må nok til, men eg sjekkar vermeldinga først. Denne sommaren har vore varm og fin for oss som ikkje har sut for høy og anna grøde. Apropos grøde så er reddikane mine snart klare til bruk. Eg har ikkje tatt fredagsvasken i dag, så den tek eg på føremiddagen i morgon. No skal eg ta på meg luftige klede og gå ein tur.Og så er det visst fredag og eg kan ønske alle ei god helg! (Utan koronasmitte).
Bilda er tatt mot vest klokka 19.40

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 27.april

 Klokka er no 23.30, temperaturen ute er + 4 grader C. Det har vore ein fin dag med sol og varme, så det gjer ikkje noko om det blir litt ka...