mandag, august 23, 2021

Dagbok 2021: 23 august

Klokka er no 16.45, temperaturen er + 19 grader C. Eg vakna klokka 6 i dag og såg ut, då var det nesten ikkje skodde. Eg la meg og sov eit par timar til, og då var det skikkeleg skodde over heile bygda. Eg tenkte på at eg skulle klippe plen, for i morgon er det meldt regn, men det var vått i graset. Eg festa trådar på to par lestar som eg har strikka og styrte med diverse før eg syntest eg kunne begynne å klippe. Eg klipte først oppe ved vegen, så begynte eg på Skråninga og til slutt rundt huset.Altså heilt motsett av det eg brukar å gjere. Det var ikkje heilt tørt i graset, så resultatet vart deretter. Klokka var 15 før eg fekk spylt klipparen og kom meg i hus. Eg kan no nemne at eg klipte litt med saks her og der også. Til middag i dag vart det restar frå i går + ein klatt is til dessert. Eg følte meg litt ustelt, for å seie det mildt, så eg gjekk i dusjen og vaska håret etc. Høgre handa var frykteleg skiten, det er den som grev graset ut av klipparen. Eg fekk på meg reine klede og sette meg i godstolen og slappa av, trur nesten eg sov litt også. No må de ikkje forstå det slik at eg synest det er for travelt å klippe plen. Sannheita er at eg NYT kroppsleg arbeid - og det å bli sliten i kroppen, det er noko anna enn stress. Eg skreiv og spurde Rasmus litt om konfirmasjonen, for kva slags klede eg skulle ha etc. Han skreiv at det meste skulle foregå heime, men han trudde eg fekk vere med på seremonien. Eg skulle vel tatt meg saman og kjøpt meg nokre nye klede, ein kjole kanskje? Eg får sjå kva som dukkar opp. Det er faktisk neste veke. Og den første september skal eg på pensjonisttur til Bjørke.Eg høyrer det surrar ute, så no er det vel resten av nabolaget som klipper plen.Dei som hadde vit å vente til det vart tørt i graset. Det vil ikkje bli heilt klårt i dag, det er eit tynt skydekke som hindrar sola i å varme så mykje. Eg synet det er kaldt når det er + 19. I dag eller i morgon er det slutt på hundedagane, og den "verste" heten skal vere over. Eigentleg treng eg ikkje å gå på Vernet i dag, eg har fått nok mosjon, men eg har lyst, så det blir kanskje ein tur. Eg var der ikkje i går. Plommene modnar fort no, så det kan hende eg må til å plukke dei ned for å redde dei frå fall.
Hugs å klikke på bilda!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...