fredag, august 20, 2021

Dagbok 2021: 20.august

Klokka er no 16.40, temperaturen er + 14 grader og det har vore regnbyer i dag også, men det regnar no ikkje heile tida. I dag hadde eg legetime kl.11.00 så det vart ikkje så mykje eg rakk over før den tid. Men eg fekk no fullført sudokuen som eg måtte gi meg på i går kveld.I dag syntest eg det var så kjølig at eg tok på meg genseren som eg kjøpte før vi reiste til Solund, men som har blitt liggande i skapet i heile sommar.Blodtrykket mitt hadde stige etter at eg slutta med den eine tablettsorten, så no skal eg få nokre andre tablettar i tillegg til dei eg har hatt heile tida. Dette var noko eg rekna med og det er ikkje det minste dramatisk.Eg måtte også på laboratoriet og ta blodprøver, det var to år sidan sist, sa fastlegen min, som eg var til i dag."Det er ikkje så ofte eg ser deg," sa ho i dag. Og det er no for så vidt bra. Sist eg var til henne var i fjor vår då eg skulle fornye sertifikatet. Eg er heldig-så langt. Då eg kom heim bytte eg om til arbeidsantrekk og tok fredagsvasken. Så vart det ein liten tur på Vernet før eg åt middag. Det var tredje dagen med "Orientalsk gryte"-og det blir vel ei stund til neste gong. Eg fekk litt post i dag, i tillegg til avisa Møre-Nytt, fekk eg blant anna bladet "Pensjonisten". Det er eit veldig bra blad, og eigentleg skulle ein fått det FØR ein blei pensjonist, slik at ein kunne førebu seg litt. Eg gir bladet vidare til Solveig etter at eg har lese det sjølv. Der er to Sudokuar i bladet, den eine, som heiter "Middels" klarer eg å løyse kvar gong, men den vanskelege har eg enno ikkje klart. Eg vart sittande vedkjøkkenbordet ein time etter at eg hadde ete, og enno er eg ikkje ferdig med "Posten", skal lese MN også. Elles driv eg og vaskar klede, det låg så mykje halvbrukt og slang, for når veret er fint og varmt blir det litt mykje klesbyting. Eg hadde halvvegs tenkt meg på ein innkjøpsrunde i dag, men den blei utsett på ubestemt tid. Eg ser på plommene mine, dei held på å modnast, men dei er små. Håper eg får såpass mykje at eg kan lage sylte i alle fall.Det er det største Opal-treet som er på bildet. Det minste er skamklipt.Eg får ikkje gjort noko hagearbeid så lenge det er så vått. Dagane og vekene flyg av garde og no er det fredag igjen. Eg vil ønske alle ei god helg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...